Lærarutdanninga

  • Nytt forskingsprosjekt skal betra lærarutdanninga

    Publisert

    Dei to neste åra skal tilsette ved Høgskulen i Volda studera matematikk- og norskfaget i allmennlærarutdanninga. Oppdraget er ein del av forskingsprosjektet ”Nyutdannede læreres mestring av yrket”, eit arbeid med mål om å betra kvaliteten på lærarutdanninga.

  • 60-årsjubilant avslutta FESTiVOLDA

    Publisert

    Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda avslutta FESTiVOLDA-festivalen med Mozart sin symfoni nr. 31, "Pariser-symfonien” søndag, som ei markering av sitt 60 års-jubileum. - 60 år er eit fantastisk jubileum for eit orkester som har hatt lang og tru teneste, jublar Rune Bergmann.

  • Fagleg oppdatering i Naturfag: Naturfag med mål og meining

    Publisert

    -I slutten av November er vi i gang, seier Erik Fooladi, fagleg ansvarleg for Naturfag med mål og meining. -Då samlast om lag 130 lærarar frå Sjustjerna (eit interkommunalt samarbeid mellom sju kommuner på søre Sunnmøre) seg i Loen til første samling. -Vi er glade for god respons frå Søre Sunnmøre, og ser no at også kommunane i Nordre Sunnmøre Kompetanseregion kjem for fullt. Vi gler oss til å møte lærarane og presentere spanande vekstader og fagleg påfyll.

  • Symfonien er 60 år og rektor inviterer til lunsjkonsert

    Publisert

    Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda er 60 år og rektor Jørgen Amdam ynskjer å feire musikantane. Torsdag denne veka vert det lunsj akkompagnert av glade tonar på Berte Kanutte-huset. Allereie onsdag varmar høgskulekoret opp med minikonsert på skulen.

  • FESTiVOLDA: Grieg-konsert i Kaarstad-huset

    Publisert

    Fyrstkomande fredag vil publikum få høyre tre av Edvard Grieg sine mest omtykte kammermusikalske verk i auditoriet i Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda. Ragnhild Engeset (song) og Bjørnar Myhr (klavér) vil framføre songsyklusen ”Haugtussa”, medan Øystein Salhus og Bjørnar Myhr vil spele den fyrste og tredje fiolinsonaten til Grieg. Konserten knytt til FESTiVOLDA-arrangementa

  • Flott avslutning på Språkpakken i Møre og Romsdal 2007!

    Publisert

    Birgitte Fondevik Grimstad fra Høgskulen i Volda foreleste tirsdag om ”Kartlegging av to-/flerspråklige barn”, et område som krever god kunnskap både om barnets språklige bakgrunn og om språkutvikling. Grimstad pekte på de store utfordringene som helsestasjoner og barnehager står overfor i forhold til å fange opp to– og flerspråklige førskolebarn med svak språkutvikling, tilrettelegging av gode pedagogiske tilbud og kunne gi råd til foreldre. Dette var nyttig kunnskap som forsamlingen på siste kursdag i Språkpakken tydelig ønsket mer av!

  • Nytt på Nytt-rettleiing av nyutdanna lærarar starta med 40 deltakarar

    Publisert

    Torsdag 20. september var det oppstart for prosjektet "Nytt på Nytt- rettleiing av nyutdanna lærarar", som er del av ei overordna satsing frå Utdanningsdirektoratet. Opplegget er eit samarbeid mellom Høgskulen I Sogn og Fjordane, Høgskulen i Volda og Utdanningsavdelinga på Fylket, melder ansvarleg for studiet, Gerd Sylvi Steinnes ved Høgskulen i Volda.

  • To rektorar opna "Pub"-studiet!

    Publisert

    Rektor ved Dronning Mauds Minne Høgskole, Elin Alvestrand og prorektor Anne Øie ved Høgskulen i Volda, opna studiet Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen måndag 10 september i Ålesund. Rådgjevar ved Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke, Maren Ørjasæther Aaland var også til stade ved opninga.

  • Fagbokprisen 2007 til høgskulelektor Lila Moberg

    Publisert

    Høgskulelektor Lila Marie Moberg ved Høgskulen i Volda er saman med Nora Lindén tildelt Nynorsk fagbokpris 2007 for bokprosjektet ”Barn og kommunikasjon – om små barns bruk av utforsking av digitale verktøy.” Juryen peikar mellom anna på nytenkinga i prosjektet – ”dette finst ikkje i litteraturen frå før.” Prisen vert delt ut under haustlanseringen til Det Norske Samlaget i dag, 15.8.2007.