Lærarutdanninga

  • Ny pensumbok frå Asbjørn Simonnes

    Publisert

    Førstelektor Asbjørn Simonnes og tidlegare undervisningsleiar ved medieutdanninga i Volda, Gudmund Gjelsten har ført i pennen Fagbokforlaget si lærebok ”Skole og media.” - Vi stiller spørsmålet om korleis verdidualismen i media utviklar identiteten og karakteren til unge, og opnar for at større fokus på mellommenneskeleg kommunikasjon er viktig når ein lærer å bruke media.

  • Framleis ledig på drama- og teaterstudiet i Volda

    Publisert

    Er du interessert i å spele teater og har lyst til å lære meir om deg sjølv og skapande prosessar, så er dette studiet for deg. Studiet er også aktuelt for dei som vil arbeide med å lage interessante og spanande undervisningsopplegg i grunn- og vidaregåande skule. No er søknadsfristen utvida til 10. august.

  • Tidlegare studentar tilbake på fagseminar om spesialpedagogikk

    Publisert

    - Det er veldig kjekt å koma attende til Volda og verte gjort litt stas på, smiler Ranveig Velle Vedeld. Ho tok del i fagseminaret som Seksjon for spesialpedagogikk arrangerte denne veka. Saman med tidlegare masterstudentar, fagfolk og representantar frå praksisfeltet tok dei opp erfaringar med masterstudiet og utfordringar i det spesialpedagogiske fagfeltet.

  • Barnehagekonferansen 2007 tek form

    Publisert

    - Den årlege Barnehagekonferansen vert halden i Molde 1. og 2. november og tek i år opp temaet: ”Den gode barnehagen som grunnmur for livslang læring,” melder Britt Loven Ølnes ved Høgskulen i Volda. Hovudinnleiarar i år er Hillevi Lenz-Taguchi frå lærarhøgskulen i Stockholm, Turid Thorsby Jansen frå Høgskulen i Vestfold, Sigurd Aukland frå Klepp kommune og Ragnhild Lied frå Utdanningsforbundet.

  • Nyoppretta nettstad for prosjektet Democracy in Teacher Training

    Publisert

    Ein eigen nettstad er klar for prosjektet Democracy in Teacher Training, melder Arngeir Berge i prosjektgruppa frå Volda. Prosjektet, som er eit samarbeid mellom Chancellor College i Malawi og Høgskulen i Volda, søkjer å styrkje kunnskapen om demokrati i lærarutdanningane i Malawi og Noreg.

  • Stor søknad til nytt studium ved Høgskulen i Volda/DMMH

    Publisert

    Høgskulen i Volda i samarbeid med Dronning Mauds Minne Høgskole i Trondheim lyste i vår ut studiet Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen. Då søknadsfristen gjekk ut 15 mai, hadde det meldt seg over 200 søkjarar til 50 studieplassar. - Dette er svært gledeleg, seier fagleg ansvarleg for studiet Bente Vatne ved HVO.

  • Eksamenskonsertar ved bachelorstudiet i musikk

    Publisert

    Heile åtte studentar ved bachelorstudiet i musikk ved HVO held i desse dagar eksamenskonsertar. Mandag 21. og tirsdag 22.mai vert det arrangert fire konsertar med variert program.

  • Videovisning og kåring av elevane sin Oscar

    Publisert

    Siste to vekene har studentar frå Media, IKT og design ved Høgskulen vore instruktørar i videoproduksjon for 6. klasse ved Bratteberg skule. Fredag 27.4 viser dei video sine, og publikum er inviterte til å sjå og stemma på beste film.<br>Møt opp i Store auditorium kl. 10.30.

  • Seminar for studentar om eksamensstress

    Publisert

    I morgon, onsdag 18. april, kl 12.15 inviterer studentrådgjevaren ved Høgskulen i Volda, Ann-Iren Høgalmen og PPU-tillitsvalt, Henning Frode Dispen studentar til seminar om eksamensstressmeistring.

  • Ingjerd Traavik med ny bok om bildeanalyse

    Publisert

    Høyskolelektor Ingjerd Traavik gir denne uken ut "Innføring i bildeanalyse. Med Fam Ekman inn i bildeboka." Boka gir en innføring i bildebokanalyse, for så å gi en grundig analyse av to av Fam Ekmans bildebøker.