Lærarutdanninga

  • Snart ferdig utdanna førskulelærarar!

    Publisert

    Det er siste gongen 3. års studentane er samla til felles undervisning her i Volda. Dei er mellom 35-40 studentar i klassa, og mange har alt fått seg jobb. 19 juni kan dei offisielt kalle seg førskulelærarar – men før den tid ventar eit par eksamenar!

  • Ny bok om vanskar med språk og kommunikasjon frå Bele

    Publisert

    Førsteamanuensis Irene Velsvik Bele ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda er redaktør og medforfattar i den nye boka ”Språkvansker. Teoretiske perspektiver og praktiske utfordringer.” – Vi tek først og fremst for oss vanskar med språk og kommunikasjon som er allmenne, men som enkelte strevar med i større grad enn andre.

  • "Naturfag med mål og meining"

    Publisert

    Høgskulen satsar på kompetanseheving i naturfag, og meir enn 200 lærarar frå grunnskulane på Sunnmøre er i gong med etter – og vidareutdanning. Erik Fooladi ved Institutt for realfag er fagansvarleg for tilbodet, og har ønske om å gjere naturfag meir synleg i skulen.

  • Prosjekt ”Cristo på campus”

    Publisert

    Det er ikkje russestrekar du er vitne til når du ser bilar innepakka i plast på campus. Dette er ei øvingsoppgåve som studentar ved årseining kunst og handverk har utført, som ei av retningane innanfor stilen LandArt.

  • Seminar med fokus på psykisk helse i skulen

    Publisert

    Lærarstudentar og tilsette ved lærarutdanninga har dei tre siste dagane delteke på seminar om psykisk helse i skulen. Kari Anne Osborg i arrangementskomiteen meiner at temaet for seminaret er svært relevant for komande lærarar.

  • Lærebok skapt i samarbeid mellom Chancellor College og Høgskulen i Volda

    Publisert

    - Boka ’LEARNING DEMOCRACY - A resource book’ er skriven særleg med tanke på lærarutdanning og undervising i vidaregåande skule og ungdomsskulen. I tillegg til relevant fagstoff presenterer boka også metodar og refleksjon om undervising og læring for demokrati, fortel Odd Ragnar Hunnes, leiar for prosjektet ved Høgskulen i Volda.

  • Når blir det skuespilleraudition til vekerevyen

    Publisert

    - Vil du være med å lage den beste vekerevyen i Volda noen sinne? Da må du melde deg på til skuespiller-audition 6. og 7. mai, melder revysjef Pernille V. Dvergedal. Vekerevyen søker skuespillere til revyen som skal spilles under Veka i Volda, 19. – 27. september.

  • Spesiell konsertframføring med start tysdag 8. april

    Publisert

    Tysdag 8. april kl. 18.00 i aulaen på Kaarstad, er det duka for vårens kanskje mest spesielle konsert her i distriktet: ei konsertframføring av Erik Saties ”kultstykke” Vexations - ein kort, merkeleg komposisjon som etter instruksjonar frå komponisten skal spelast 840 gonger. Ei fullstendig framføring av verket tek difor 20-26 timar og gjer det til det lengste musikkstykket som er skrive innan ”konvensjonell” klassisk musikk.

  • Vidareutdanning i spesialpedagogikk

    Publisert

    Vidareutdanning i spesialpedagogikk er eit nytt studietilbod frå hausten. – Erfaringar og tilbakemeldingar frå studentar gjer at vi har laga dette tilbodet, det er ikkje alle som kan tenkje seg å ta eit heilt mastergradsløp med det første. Med denne vidareutdanninga er det mogleg å få nyttig kompetanse, seier studieprogramansvarleg, Grete Dalhaug Berg ved Institutt for pedagogikk.

  • Dyktige lærarstudentar i Volda

    Publisert

    Minstekravet for opptak til allmennlærarutdanning er karakteren 3 i norsk og matematikk og minimum 35 skulepoeng. Dette er nasjonale krav som vart innført i frå hausten 2005, men ved Høgskulen i Volda ligg allmennlærarlærarstudentane langt over minstekravet.