Nyhende

  • Thumbnail

    Ny internasjonal publisering ved Avdeling for mediefag

    Publisert

    Førsteamanuensis Idar Flo og professor Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag har skrive kvar sitt bidrag i ein ny internasjonal publikasjon om europeiske filmaviser publisert av det anerkjente forlaget Palgrave i Global Cinema Series.

  • Thumbnail

    Karrieredagane 2018

    Publisert

    700 tiandeklassingar frå Søre Sunnmøre skal i løpet av to dagar få innblikk i moglegheiter knytt til val av framtidig utdanning og yrke i Møre og Romsdal. 

  • Thumbnail

    Signerer avtale om samarbeid

    Publisert

    Høgskulen i Volda (HVO), Ørsta kommune og Volda kommune har signert ein avtale om samarbeid om lærarutdanningsskular (LU-skular). Samarbeidet har sitt utspring i ei stor og langsiktig satsing som ein del av den nasjonale strategien Lærarutdanning 2025. – Målet er å utvikle kvalitet og samarbeid i lærarutdanninga, seier prosjektkoordinator Kari Leikanger Buset.

  • Thumbnail

    Metodeforum med forskingsformidling i fokus

    Publisert

    Ph.d.-studiet i helse og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling er eit samarbeid mellom høgskulane i Volda og Molde. Torsdag 20. september møtes kandidatar, fagfolk og rettleiarar til Metodeforum i Volda med midtvegsvurderingar og seminar om forskingsformidling og forholdet til journalistar.

  • Thumbnail

    Forskingsdagane 2018

    Publisert

    Under Forskingsdagane 19.-28. september kan du mellom anna få med deg paneldebatt om nynorsk digital oppvekst, foredrag om dei store skilnadane mellom oppveksten og skulegang i dag og for 100 år sidan og filmkveldar som byr på meir enn ein spennande film.

  • Thumbnail

    Mette Vårdal har disputert ved UiB

    Publisert

    Mette Vårdal disputerte 14. september 2018 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Ligesaavel i Vadmel som i Fløiel. Uformelle relasjoner mellom embetsmenn, bønder og husmenn i Vågå ca 1745-1844.»

  • Thumbnail

    Torhild Høydalsvik har disputert ved OsloMet

    Publisert

    Torhild Høydalsvik disputerte 14. september 2018 for ph.d.graden ved OsloMet med avhandlinga "Implementering av og tilpassingar til ei endra barnehagelærarutdanning: Ein multimetodisk studie av nye praksisar."

  • Thumbnail

    Utstilling av forslag til nytt mediebygg

    Publisert

    Onsdag 12. september opna Statsbygg ved prosjektleiar Tore Berg ei utstilling i Berte Kanutte-huset som viser dei innkomne forslaga til nytt mediehus ved høgskulen. – Eg gled meg over å få vere med på å utvikle dette mediebygget for det som mange ser på som landets viktigaste og beste medieutdanning, sa Berg.

  • Thumbnail

    Nærnett med oppdatert nytt

    Publisert

    Denne veka startar praksisen for avgangselevane på journalistikkstudia ved høgskulen. Både Nærnett, Næravisa, Nærsynet og Radio Volda blir oppdatert med stoff frå heile Søre Sunnmøre i seks veker framover.