Nyhende

  • Ny bok viser Jane Austen i Sunnmørsfjella

    Publisert

    Den engelske forfattaren Jane Austen, som levde for 200 år sidan, kom nok aldri til Ørsta eller Volda, og sat aldri i sida på Helgehornet og såg utover Hovdevatnet. Likevel er det slik ho framstår på framsida av ei ny bok av professor Marie Nedregotten Sørbø ved Høgskulen i Volda. Og boka handlar om korleis Jane Austen sine romanar kom til Norge i form av norske omsettingar.

  • Thumbnail

    Internasjonal dag

    Publisert

    Eit fargerikt og mangfaldig program pregar årets Internasjonal dag i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda. I år er det rekord i talet på internasjonale gjestar til arrangementet med over 20 gjestar frå sentrale partnaruniversitet i m.a. England, USA, Nederland, Danmark, Tsjekkia og Russland.

  • Arbeidsgruppe for ny vidareutdanning i barnevern

    Ny vidareutdanning i barnevern

    Publisert

    Det er no klart at Høgskulen i Volda (HVO) og Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal tilby ei ny vidareutdanning i barnevern på masternivå - «Vurdering av barnets beste». HVL i samarbeid med HVO har vunne ein anbodskonkurranse gjennom Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) om oppstart av ei vidareutdanning i barnevern.

  • Thumbnail

    Kulturfag-studentane mest nøgd i Volda

    Publisert

    Resultata frå Studiebarometeret 2017 syner at det er studentar på dei estetiske faga, kunst og musikkfag som er mest fornøgde med kvaliteten i studieprogramma ved Høgskulen i Volda.

  • Thumbnail

    Opa forelesing med Thorvald Stoltenberg

    Publisert

    Tysdag 6. februar kjem tidligare utanriksminister Thorvald Stoltenberg til Høgskulen Volda for å halde innleiingsforelesinga på kurset «Media and the Cold War». Stoltenberg vil gje eit innblikk i norsk utanrikspolitikk frå den andre verdskrigen fram til slutten av den kalde krigen. Forelesinga er på engelsk og er open for alle.

  • Thumbnail

    Rekordmange gjestar til Internasjonal dag

    Publisert

    Onsdag 7. februar er det igjen duka for Internasjonal dag ved Høgskulen i Volda. Det vert eit fargerikt og mangfaldig program i Berte Kanutte-huset frå kl. 11.30-14.30.

  • Thumbnail

    Spire til meir samarbeid

    Publisert

    Sjustjerna Helse og omsorg, Volda sjukehus og Høgskulen i Volda arrangerte fagdag i geriatri for helsepersonell 25. og 26. januar, med kring 140 deltakarar frå Søre Sunnmøre og Nordfjord.

  • Henrik Kaarstad-huset

    Sjå styremøte i opptak

    Publisert

    Vi strøymde årets fyrste møte i høgskulestyret torsdag 25. januar. Styret diskuterte mellom anna planar for 2018 og utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet for 2019-2021.