Nyhende

  • Forsmak på Dokfilm-festivalen i kveld

    Publisert

    Den norske dokumentarfilmfestivalen inviterer til Voldakveld på Rokken i kveld kl. 19.00. Her kan du ladde opp festivalbatteria med studentproduksjonar og konsert med gruppa Eskimo.

  • Frå elitefotball til lærarutdanning

    Publisert

    Erlend Holm (26 år) er kjend som tidlegare midtbanespelar for Ålesund. No har han lagt fotballen på hylla til fordel for lærarutdanning. – Det kjem eit liv etter fotballen også. For å få den jobben eller det yrket du ønskjer må utdanninga og kompetansen vere på plass, seier Erlend.

  • Volda – Giske kvar veke

    Publisert

    Renate Dyb (20) og Marlene Dyb (20) vekependlar mellom Giske og Volda for å ta utdanning. – Vi hadde høyrt mykje bra om Volda og sidan det er nært heime var valet enkelt. Ved å studere her har vi hatt høve til å ta utdanning utan studielån, seier dei to.

  • Auka løyvingar til UH-sektoren bør rette opp skeivskapar

    Publisert

    Høgskulen i Volda har saman med tre andre høgskular skrive brev til statsråd Tora Aasland, der dei uttrykkjer ei sterk uro for den skeive fordelinga av basismidlar i universitet- og høgskulesektoren. – Det er politisk vilje til å satse på utdanning og forsking, og regjeringa bør nytte dette høvet til å jamne ut skeivfordelinga, kommenterer høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. i Volda.

  • Satsing på etter- og vidareutdanning av lærarar

    Publisert

    Satsinga på kompetanseheving av lærarar held fram etter at reformperioden med innføring av Kunnskapsløftet er over. Regjeringa har sett av 117 millionar til vidareutdanning og 170 millionar til etterutdanning.

  • Voldastudentar fekk SKUP-diplom for Innovata-avsløring

    Publisert

    Seks journaliststudentar frå Høgskulen i Volda fekk tildelt det gjeve diplomet av SKUP-juryen for arbeidet med Innovata-saka. Dei avslørte mange nye moment rundt kulturhusprosjektet Innovata i Volda, skriv NRK på sine nettsider.

  • Høgskular vil FORNYe Midt-Noreg

    Publisert

    To gonger i året møtest fleire høgskular frå region Midt-Noreg til idéutveksling og formidling. Desse utgjer ei nettverksgruppe til Forskingsrådsprogrammet FORNY, og sist veke var Høgskulen i Sør-Trøndelag vertskap for nettverksgruppa.

  • Treng ein forsking i distrikta?

    Publisert

    Meir desentralisert og regiontilpassa forsking må til, meiner rektorane ved dei tre høgskulane i Møre og Romsdal. Høgskulane ser behovet for sterkare samarbeid og spesialisering og har alt utvikla ei aktiv arbeidsdeling og samarbeid. I ein kronikk i Sunnmørsposten i dag står rektorane saman som forfattarar.

  • ”Har du det i deg?”

    Publisert

    Den store lærarsatsinga ”Har du det i deg?” vert lansert i dag som ein av dei største rekrutteringskampanjane i offentleg sektor. Målet er å styrkje kvaliteten på lærarutdanningane og vidareutvikle lærarprofesjonen. Noreg treng fleire dyktige lærarar. Er du ein av dei?