Nyhende

  • Studentmedia er tilbake på lufta!

    Publisert

    No kan du lese Nærnett, høyre på Radio Volda og sjå Nærsynet att. Journaliststudentane i Volda har mykje praksis året rundt - og startar altså ei ny periode måndag 12. september. Dei lover gode nyheitssaker, undersøkande journalistikk og underhaldning - og tek gjerne imot tips og tilbakemeldingar!

  • Thumbnail

    Synnøve Hedemann Amdam har disputert ved UiO

    Publisert

    Synnøve Hedemann Amdam disputerte 9. september 2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Oslo med avhandlinga: "Media teachers’ discursive understandings in developing 21st century education: Are we the tugboat, the satellite, or the terror cell?"

  • Sløydsal

    Rekordopptak til Kunst og handverk 1

    Publisert

    Denne veka er 30 studentar samla i Volda på den første av i alt fire samlingar i Kunst og handverk 1, ei vidareutdanning i Kompetanse for kvalitet. – Dette er det beste opptaket sidan oppstarten i 2019, og interessa for faget er så stor at vi har søkt Utdanningsdirektoratet om å få tilby eit kurs til med emna leire og tekstil, seier fagansvarleg Knut Einar Lillebø-Voll.

  • Jerevan

    På internasjonal forskarkonferanse

    Publisert

    Stipendiatane Julia Melnikova og Elin Førde ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning var 22. – 25. august på den årlege forskarkonferansen ECER (European Conference on Educational Research) i Jerevan, hovudstaden i Armenia.

  • Per Halse festskrift

    Heidersskrift til professor Per Halse

    Publisert

    Per Halse, professor i kristendomskunnskap, religion, livssyn og etikk (KRLE) ved Høgskulen i Volda, fylte 65 år 24. januar 2022. I heidersskriftet «Tru, språk og historie» vert Halse hylla av fagfellar, kollegaer og vener.

  • POE

    – Vil ha Volda-studentar for å arbeide smartare

    Publisert

    Gjennom to dagar fekk studentar ved Høgskulen i Volda eit innblikk i kva praksismoglegheiter dei kan få gjennom regionen dei studerer i – og ikkje minst ei stadfesting på at kompetansen deira er etterspurd i arbeidsmarknaden.

  • LU alumnar 1964

    HVO-alumnar på besøk

    Publisert

    I strålande sol viste studiebygda Volda seg frå si aller vakraste side då prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim og studieleiar for grunnskulelærarutdanninga Eivind Patrick Hanevik ønskte ei gruppe tidlegare lærarstudentar velkomne til orientering og omvising på høgskuleområdet i dag.