Mange av studentane på studiet "Norsk for utanlandske studentar" (NUS), ved HVO, har hatt vennefamiliar tidlegare år. Dei har sett stor pris på å ha slik kontakt med "dei innfødde" i distriktet. Å studere i utlandet kan vere spennande, men også einsamt og forvirrande, særleg i byrjinga. I alle høve er det godt å å kjenne seg velkomen i bygda, så vel som på skulen. Når ein bur på hybel i eit framandt land, er det særs positivt å kome inn i ein heim.