Studentliv

  • Søkjarar etterspør lærarutdanninga i Volda

    Publisert

    - Til no har vi sendt ut 59 tilbod om studieplass på allmennlærarutdanninga, seier studiesjef Gonnie Smit Løseth ved Høgskulen i Volda. Vi har 60 studieplassar - og kan få fråfall, så det kan framleis opne seg studieplass for dei som er raskt ute.

  • Studium for betre kosthald

    Publisert

    Møre og Romsdal fylke meiner folk veit for lite om kosthald og ernæring, og ynskjer no eit samarbeid med Høgskulen i Volda for å starte opp eit studietilbod i løpet av 2009 rette seg mot matvanar i barnehage, SFO og skule, skriv nrk.no. Høgskulelektor Brunstad Øyehaug er positiv.

  • God hybelmarknad i Volda

    Publisert

    - Studentsamskipnaden tildeler no studentbustader fortløpande så lenge der er noko å tildele, melder Magnhild Kile i Studentsamskipnaden for Sunnmøre (Sfs). Vi har 400 hyblar i Volda, og saman med den private marknaden trur vi alle studentane i Volda får ein bustad dei er nøgde med.

  • Søk-korpset hjelper deg gjerne!

    Publisert

    I sommar vil Silje Flåskjer, Joachim Storvik og Lene Hovde ringje til førsteprioritetssøkjarar og svare på telefonar og e-post frå søkjarar og studentar som har spørsmål om studiestart og det å vere student i Volda.

  • Sosialt - spennande - utfordrande

    Publisert

    Det å vere student er noko heilt anna enn å vere elev, og mange lurer på kva som eigentleg er forskjellen. – Som student styrer ein kvardagen heilt sjølv, og på den måten blir det stilt større krav. Det er betre å studere enn vi trudde, mykje fordi det er sosialt og vi har fått mange nye venner, seier Anne og Ida, som begge er studentar ved Høgskulen.

  • Studentar med lokalsamfunnsanalyse

    Publisert

    Gjennom feltopphald og studentundersøking i Sande kommune, har studentar frå første året på bachelorstudiet i planlegging og administrasjon utført lokalsamfunnsanalyse. Studentane har sett på dei fire bygdene Gjerdsvika og Gursken, på Sandsøy og Kvamsøy, og har kome fram til fleire interessante poeng.

  • Framtidas lærarar!

    Publisert

    - Vi har håp og tru på at vi får ein av dei beste skulane i framtida. Det er der vi er og det gir motivasjon, seier Elena, Laila og Andreas som er allmennlærarstudentar ved Høgskulen. Lærar er ei av yrkesgruppene som kan sjå lysast på framtida, om ein ser på arbeidsmarknaden i åra framover.

  • To nye spennende prosjekt innen kultur- og mediefag!

    Publisert

    Volda har fått innvilget sine to søknader om Intensive Projects innen Life Long Learning Programme - Erasmus. - Dette er en stor fjær i hatten for Volda, sier leder av internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen.

  • Ferdig utdanna sosialarbeidarar

    Publisert

    I dag har det vore avslutning for 3. års studentane på barnevernspedagog og sosionom. Omlag 80 studentar og tilsette var samla i kantina på Berte Kanutte, for å markere slutten på tre spennande studieår. "Vi har klart det, vi har jobba på..", sang dei i kor.