Studentliv

  • Korleis kan me gje elevane nynorsk tekstkompetanse?

    Publisert

    Som ein del av Forskingsdagane 2008 kan Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) by på eit ope seminar for lærarar, studentar og andre interesserte. Seminaret skal vere onsdag 24. september på Høgskulen i Volda.

  • Miljødebatt under Veka

    Publisert

    Hva kan Høgskolen i Volda og studentene gjøre for miljøet? Veka og Voldastudentenes Miljølag inviterer til miljødebatt på Rokken tirsdag 23. september klokka 15.00.

  • Haustekskursjon i lokalmiljøet

    Publisert

    Når seinsommaren varer lenge og lufta er lun og klar, opplever studentane i Volda ekskursjonar i fantastiske omgjevnader. Torsdag 18. september var studentar frå Skuleretta samfunnsfag på årets lokale geografi-ekskursjon med buss frå Folkestad, via Straumshamn/Bjørkedalen/Stigedalen til Hjelle og Eid. Derifrå gjekk turen over Heggjadalen til Austefjorden og Volda i det fine haustvêret, fortel Norleif Vik.

  • I dag opnar Veka!

    Publisert

    Den mest morosame mannen i Noreg, ein R.E.M.-medlem og ein heidundrandes revy er noko av det du kan oppleve under Veka. Tradisjonen tru opnar Veka med revypremiere av Vekerevyen ”Operasjon galskap”.

  • Øver på katastrofer og ulykker

    Publisert

    Femten journaliststudentar, tre informasjonsstudentar og lærarar frå Høgskulen i Volda er denne veka med på øvinga Mørejarl. Her øver militært personell frå Heimevernet saman med nødetatane og frivillige organisasjonar. Dette er den største øvinga i sitt slag på Nordvestlandet. Informasjonsstudentane arbeidde ved sjølve pressesenteret og tok føre seg reell PR for den verkelege øvinga.

  • Ekskursjon til Kleven Maritime

    Publisert

    Bachelor- og masterstudentar frå Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag ved ASH var i går på vitjing i den maritime klyngja i Ulstein, nærare bestemt hos Kleven Maritime. Fokuset for ekskursjonen var regional planlegging og utvikling i praksis.

  • Programmet for Animation Volda -08 er klart

    Publisert

    - Vi skaper ein festival med breidde. Born, vaksne, studentar og andre skal verte overraska, kommenterer Sylvia Claussen. Ho er leiar for Animasjonsfestivalen 2008, og presenterer eit program med ei verdspremiere og to noregspremierer. Festivalen skiltar med mellom anna Christopher Nielsen i juryen og kjende internasjonale animatørar på gjestelista.

  • Vellukka tur

    Publisert

    Om lag 20 studentar var med Natura til Standaleidet sist helg, der dei fekk lære korleis dei skal ferdast i sunnmørsfjella på ein sikker måte.
    – Det var ein god gjeng på tur, og fleire var nye studentar. Vi hadde ein flott heildagstur til Nordre Sætretind, der vi diskuterte interessante moment som bratt terreng, lause steinar, snø og korleis ein skal ferdast i terrenget med tau, seier leiar i Natura, Magnus Utsogn.

  • Programmet for Veka er klart!

    Publisert

    Surferosa, Elvira Nikolaisen og Are Kalvø er nokre av trekkplastra når Veka blir sparka i gang fredag 19. september. Programmet for Veka vart offentleggjort sist laurdag under den årlege sleppfesten på Rokken. Det ni dagar lange arrangementet inneheld revy, konsertkveldar, stand- up, ein heftig 80-talsfest med meir.

  • Klar for festival? Animation Volda 11.–14. september

    Publisert

    Det er hektiske dagar for styret i Animation Volda. Det nærmar seg årets animasjonsfestival med eit variert program for ei kvar interesse.
    – Det er andre gongen vi arrangerer Animation Volda. Målet er å auke kvart år ,og det ser lovande ut, for årets festivalprogram er nesten spikra, seier programansvarleg Håvard Strand (24).