Studentliv

  • Seksjon for idrett og friluftsliv - med nytt namn!

    Publisert

    Seksjon for idrett og friluftsliv får nytt namn frå haustsemesteret, og vil ikkje lenger heite Seksjon for kroppsøving og friluftsliv som tidlegare. Seksjonen har meir enn 35 års erfaring med høgskuleutdanning innan idrett, leik og friluftsliv.

  • Studiestart 7. januar

    Publisert

    Det nærmar seg studiestart for vårsemesteret 2008, og det er tid for å bli kjend med høgskulen, dei tilsette og dine medstudentar. Du får sjansen til å skape eit sosialt og fagleg nettverk og knyte band vidare i studietida eller yrkeslivet.

  • Pangaia er tildelt læringsmiljøprisen

    Publisert

    Pangaia, med leiar for Internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda, Cecilie Wilhelmsen i spissen, er tildelt Høgskulen i Volda sin læringsmiljøpris for 2007. Overrekkinga av diplom og prisen på 30 000 kroner gjekk føre seg fredag 14. desember, og Wilhelmsen seier at pengane skal kome dei internasjonale studentane til gode.

  • Prøveførelesing ved mastergrad i nynorsk skriftkultur

    Publisert

    I samband med avsluttande eksamen ved Mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur vert det tysdag 18. desember halde ei opa prøveførelesing av Mette Aaram Ringstad med temaet "Dei nynorske identitetane i lys av det generelle forholdet mellom språk og identitet".

  • Dramastudentane set opp Eit julekvad av Dickens

    Publisert

    Dramastudentane ved Høgskulen i Volda vil i år setje opp ”Eit Julekvad” (A Christmas Carol) av Charles Dickens. - Med oss har vi fått ei gruppe frå musikklinja ved Volda vgs, under leiing av Stein Helge Solstad, melder Marit Ulvund som står for regien.

  • Vil du være Buddy med internasjonale studenter?

    Publisert

    I vårsemesteret 2008 kommer det nye internasjonale studenter til Høgskulen i Volda. Du har nå en enestående mulighet til å bli kjent med en helt ny og kanskje fremmed kultur, få nye venner og kanskje selv bli inspirert til å reise ut. Du vil få et diplom for arbeidet, og det kan være nyttig senere i arbeidslivet. Dersom vi får nok faddere vil vi prøve å få til et opplegg som gjør at dere får fem studiepoeng. Søknadsfrist er 20. desember.

  • Nytt emne til våren: Retorikk og forteljing

    Publisert

    Tysdag 27. nov. kl. 14.00 vert det halde informasjonsmøte om retorikk og forteljing, eit nytt emne i dramautdanninga, melder fagansvarleg Marit Ulvund. Ho vil stå for orienteringa, som vert halden i Berte Kanutte-huset, rom 157, ved Høgskulen i Volda.

  • Dramautdanninga set opp klassikaren ”Vente på Godot”

    Publisert

    Drama fordjupingsstudium ved Høgskulen i Volda presenterer ”Vente på Godot”, fritt etter Samuel Beckett sin klassikar, melder Tone Rustestuen ved dramautdanninga. - Ved bruk av galgenhumor og klovneaktig spelestil ønskjer vi å underhalde, men også å framheva det absurde og det umoglege i menneskeleg kommunikasjon. Framføringa er ein del av eksamen for studentane, og vert halden tysdag og onsdag komande veke.

  • Pang – start til våren: Kriminalitetsforebygging

    Publisert

    Til våren startar Avdeling for samfunnsfag og historie opp med masteremnet: ”Kriminalitetsforebygging”. Studiet er delt inn i to temablokker og er organisert med tre vekesamlingar der eine veka er ei reise til Swansea, Wales.

  • Studentar snart heime frå India

    Publisert

    I nesten sju veker har studentar ved Bachelorgradsstudiet i Journalist ved Høgskulen i Volda vore i India gjennom kurset ”Reportasjearbeid i framand kultur,” skriv Eirik Stokstad Brødholt i eit lite reisebrev.<br><b>SISTE FRÅ INDIA: Rapport frå professor Ekeland, nettopp tilbake etter besøk hjå sosialarbeidarstudentane.</b>