Media i Volda 50 år

I 2021 var det 50 år sidan Møre og Romsdal distriktshøgskule kunne ta i mot sine første mediestudentar. I løpet av desse åra har medieutdanningane i Volda vakse og utvikla seg til å bli mellom dei største i landet og ei viktig merkevare for Høgskulen i Volda.

Ingen annan høgare utdanningsinstitusjon i Norge har utdanna så mange profesjonelle mediefolk i eit så breitt spekter som Høgskulen i Volda. Medieutdanningane i Volda er framleis i front som den største og breiaste medieutdanninga i landet.

Jubileumsfeiring 22. april 2022

Vi legg opp til storslagen feiring med fagleg seminar og sosiale aktivitetar med innlegg frå tidlegare studentar, god mat og mykje mimring.

Under finn du program, glimt frå arkivet og videoar og intervju med noverande og tidlegare studentar.

Aktuelt