Sjå liste over studieplanar som starter på:

Kunst og handverk (årsstudium)

Program of study: 
Design, Arts and Crafts - year course
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
60
Duration: 
2 semesters
Year: 
2016
Number of students: 
16
Type of study: 
Year programme
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse

About

Årsstudium i kunst og handverk har i hovudsak ei praktisk tilnærming til faget og utviklar deg som utøvar i og formidlar av faget. Studiet fokuserer på teori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag og gjev såleis grunnlag for utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. skulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet t.d museum/galleri og privat næring. Årsstudiet kan påbyggjast til bachelor grad (180 studiepoeng). Sjå studieprogramplan for Bachelor kunst og handverk, ein grad som kan nyttast som grunnlag for vidare søking innan kunstfaglege utdanningar og masterprogram. For å få undervisningskompetanse må ein ha fullført praktisk pedagogisk studium (PPU) i tillegg.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i visuell kommunikasjon, kunst og bruksform
  • har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: idéutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i bilete, bruksform og arkitektur
  • har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling
Learning outcome qualification

Studenten:

  • har forståing for faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling og forvaltaransvar, og utvikle seg til samhandlande menneske på tvers av kulturar
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer
Content structure

Studieprogrammet er bygd opp av 4 emne à 15 studiepoeng og alle er obligatoriske.

Haust:

  • Fagdidaktikk, kunst og formkultur, 15 studiepoeng
  • Funksjonell design, 15 studiepoeng

Vår:

  • Kunst - skaping og formidling, 15 studiepoeng
  • Visuell kommunikasjon, 15 studiepoeng

Det kan søkjast om godskriving av tilsvarande emne som er tatt ved andre høgskular. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.

Kunst og handverk årsstudium
Navn: 
Kunst og handverk årsstudium
Anna
Store delar av studiet har lagt inn obligatorisk frammøte i undervisninga. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking. Studentane må betale ei materialavgift som dekker felles innkjøpte materialar. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen. Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs – og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid, utan fare for seg sjølv og andre. I tillegg vert det forventa ein viss grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
Evaluation

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
-