Teater og drama (Bachelor)
Korleis vert ei framsyning laga? Kva er forskjellen på å dubbe ein animasjonsfilm og lese inn ei lydbok? Korleis vert ei tekst analysert og tolka og eit ensemble skapt? Kan teater ha ei heslefremmande effekt? Korleis bli ein betre manusutviklar og forteljar?
Bachelorstudiet i teater og drama er eit treårig studium som består av 180 studiepoeng. Studiet vil gi deg brei erfaring med, og kunnskap om teaterfaget på ulike arenaer. Studentane utdannes til sjølvstendige, skapande utøvere, som gjennom arbeid med ulike teaterfaglige retningar og metodar skal utvikle sine personlege uttrykk.
Teater og dramastudiet gir grunnlag for arbeid innanfor yrke som:
- Instruktør
- Produsent
- Skodespelar
- Teaterpedagog
- Forteljar
- Museumsformidlar
- Manusforfattar
- Stemmeskodespelar
- Dubbar
- Filmskodespelar
Om du ønskjer undervisningskompetanse i skuleverket, må du byggje på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet dannar grunnlag for vidare mastergradsstudium i drama og teater.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har kunnskap om utvalde teaterfaglege retningar, tradisjonar, og teaterfornyarar
- har kunnskap om sentrale teaterfaglege teoriar og problemstillingar på ulike arenaer
- har kunnskap om sentrale teaterfaglege metodar, verkty og prosessar
- har kunnskap om utvalde retningar innan manusutvikling, stemme- og filmskodespel
- har kunnskap om eit bredt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media
- kunnskap om utvalde retningar innan filosofi, vitskapsteori og metode
Studenten
- har ferdigheiter i utvalde skodespelteknikkar i ulike media og utrykksformar
- kan nytte teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, og analysere relevante kunstnarlege uttrykk
- kan nytte teaterkunnskapar og metodar på faglege og samfunnsmessige arenaer, og grunngje vala sine
- kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg åleine og saman med andre
- kan nytte teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer til kunstnarleg formidling i ulike media
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan formidle fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre teaterfaglege uttrykksformer
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
- kan reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretisk og praktiske oppgåver
a) Arbeids- og undervisingsformene
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og workshops
- praktisk undervisning og øvingar
- framsyningar
- regiarbeid
- studioarbeid
- innspelingar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
- førelesingar
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.
Det er lagt inn to studiereiser på ei veke i løpet av studiet, til eigen kostnad, alternativt opplegg etter søknad.
b) Progresjon
For å oppnå bachelorgrad må studenten ha til saman 180 studiepoeng. Teater- og dramastudiet har 135 obligatoriske studiepoeng. Resterande 45 studiepoeng er valbare drama og teateremne, og kan erstattes med valfrie støtteemne frå andre fag eller eit utreisesemester.
3.semester er utreisesemester for studentane i bachelorløpet.
Studentar som har teke teater og drama frå andre høgskular/universitet kan få dette godskrive som del av graden etter søknad.
Emna i første studieår tilsvarar årsstudium i Teater og drama. Studentar som har fullført årsstudium kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist, og ta direkte til på andre studieår.
c) Frammøte
All undervisning er obligatorisk, og krev aktiv deltaking. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
d) Vurderingsformer
Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer:
- Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
- Teaterproduksjonar
- Forteljar framsyning
- Manusarbeid
- Analysar
- Munnlege samtalar
- Lydfiler og filmer
- Føredrag
- Seminar/workshops
- Bacheloroppgåve og kunstanrleg utviklingsarbeid
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. Bachelorgraden på 180 studiepoeng er fordelt over tre år med 60 studiepoeng per år. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.
Studiemodellen inneheld 180 stp, av desse er 150 obligatoriske.
Emne | 2020 Haust | 2021 Vår | 2021 Haust | 2022 Vår | 2022 Haust | 2023 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emner | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Valemne | 30 | 15 | ||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Obligatoriske emner | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
30 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
a) Utstyr
Studentane må
- ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko
- ha tilgong til PC
b) Ferdigheiter
Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig.
Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking, medansvar og evne til samarbeid.
Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og ei god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.
Ulike arbeidskrav vil innehalde eit opphald i ulike praksisfelt som td. museum, teatre, skule, aldersheim eller anna. Omfanget vil variere frå ein dag til tre veker.
Studiet legg opp til eit utlandsopphald i 3. semester ved eit av våre partnaruniversitet.
Utlandsopphaldet kan evt. erstattast av 2 valfrie emner i teater og drama, eller støttefag.
- Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlvering av manus gjev ei avgift på kr. 200,- per stk.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)