See list of study plans starting on:

Bachelor i teater og drama

Studieprogram: 
Teater og drama - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2021
Studieplassar: 
15
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

 

Om studiet

Ønskjer du å sjå, spele, skape og nytte teater i ulike samanhenger? Da kan reisa di starte hos oss. Bachelor i teater og drama vil gje deg erfaring med m.a. teaterproduksjon, filmskodespel, manusutvikling, anvendt teater, forteljarkunst og voice acting. Studentane utdannes til sjølvstendige, skapande utøvere, som gjennom arbeid i ensembler og åleine, utvikler sine personlege uttrykk.

Teater og dramastudiet gir grunnlag for arbeid som:

  • Scenekunstnar i det frie kulturlivet
  • Teaterpedagog/Kulturskulelærar
  • Forteljar
  • Museumsformidlar
  • Manusforfattar
  • Stemmeskodespelar
  • Dubbar
  • Filmskodespelar

Om du ønskjer undervisningskompetanse i skuleverket, må du byggje på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet dannar grunnlag for vidare mastergradsstudium i drama og teater.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om sentrale teaterfaglege metodar, verkty og prosessar
  • har kunnskap om utvalde teaterfaglege retningar og teaterfornyarar
  • har kunnskap om sentrale teaterfaglege teoriar og problemstillingar på ulike arenaer
  • har kunnskap om utvalde retningar innan manusutvikling, stemme- og filmskodespel
  • har kunnskap om eit bredt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media
  • kunnskap om utvalde retningar innan filosofi, vitskapsteori og metode
Ferdigheiter

Studenten

  • har ferdigheiter i utvalde skodespelteknikkar i ulike media og utrykksformar
  • kan nytte teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, og analysere relevante kunstnarlege uttrykk
  • kan nytte teaterkunnskapar og metodar på faglege og samfunnsmessige arenaer, og grunngje vala sine
  • kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg åleine og saman med andre
  • kan nytte teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer til kunstnarleg formidling i ulike media
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere varierte arbeidsoppgåver og prosjekt, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan formidle fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre teaterfaglege uttrykksformer
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
  • kan reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretisk og praktiske oppgåver
Organisering og arbeidsmåtar

a) Arbeids- og undervisingsformene

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og workshops 
  • praktisk undervisning og øvingar
  • framsyningar
  • regiarbeid
  • studioarbeid
  • innspelingar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid
  • førelesingar

Det er lagt inn studiereiser i løpet av studiet, til eigen kostnad, alternativt opplegg etter søknad. 

b) Progresjon

For å oppnå bachelorgrad må studenten ha til saman 180 studiepoeng. Teater- og dramastudiet har 145 obligatoriske studiepoeng. Resterande 30 studiepoeng er valbare drama og teateremne, og kan erstattes med valfrie støtteemne frå andre fag eller eit utreisesemester.
4.semester er utreisesemester for studentane i bachelorløpet. 
Studentar som har teke teater og drama frå andre høgskular/universitet kan få dette godskrive som del av graden etter søknad. 

Emna i første studieår tilsvarar årsstudium i Teater og drama. Studentar som har fullført årsstudium kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist, og ta direkte til på andre studieår. 

c) Frammøte

All undervisning er obligatorisk, og krev aktiv deltaking. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

d) Vurderingsformer

Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer:

  • Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
  • Teaterproduksjonar
  • Forteljar framsyning
  • Manusarbeid
  • Analysar
  • Munnlege samtalar
  • Lydfiler og filmer
  • Føredrag
  • Seminar/workshops
  • Bacheloroppgåve og kunstanrleg utviklingsarbeid

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. Bachelorgraden på 180 studiepoeng er fordelt over tre år med 60 studiepoeng per år. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.

Teater og drama (Bachelor)
Krav til utstyr eller ferdigheiter

a) Utstyr

Studentane må

  • ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko
  • ha eigen bærbar PC

b) Ferdigheiter

Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig.
Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev aktiv deltaking, medansvar og evne til samarbeid.
Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.

Praksis

Ulike arbeidskrav vil innehalde eit opphald i ulike praksisfelt som td. museum, teatre, skule, aldersheim eller anna. Omfanget vil variere frå ein dag til tre veker.

Internasjonalisering

Studiet legg opp til eit utlandsopphald i 4. semester ved eit av våre partnaruniversitet. 

Utlandsopphaldet kan evt. erstattast av 2 valfrie emner i teater og drama, eller støttefag.

Anna
Studentarbeid som blir produsert og dokumentert, i form av bilde, lydfiler eller film, i løpet av studiet, vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar og studie, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.
Ansvarleg
Wenche Torrissen