Animasjon - bachelor
Animasjonsutdanninga i Volda er ei kunstfagleg utdanning. Utdanninga er praktisk orientert og vektlegg animasjon som fag, handverk og kunstform. Som student får du innføring i grunnleggjande prinsipp for animasjon og tradisjonelle animasjonsteknikkar, og moglegheit for eksperimentering og fordjuping i valfrie teknikkar. I tillegg lærer du om det å forska på animasjon og får kjennskap til animasjonsfilmhistoria.
Animasjonsstudiet er særskilt orientert om animasjonsfilm, men leggjer tilrette for å anvende og utforske animasjon utanfor dens tradisjonelle grensar. Studiet tar høgde for at animasjon er eit viktig element i mange ulike samanhengar, det vera seg innan populærkulturen og mediebransjen eller innan kunstfeltet og forsking. Me ser animasjon som ei eiga kunstform, som ein form for film, og som eit element i mangfaldige medium og uttrykksformer, slik som realfilm, dataspel og nettmedium.
Som del av utdanninga vil du lære å utarbeida, planlegge, animere, regissere og fullføre mindre og større animasjonsproduksjonar. Du vil også få erfaring med på å bruke animasjon til å kommunisera og utforske idear, uttrykke deg og fortelje historier. Utdanninga gir deg stor kunstnarisk fridom, og er opptekne av å gi rom for eksperimentering.
Studiet gir òg innføring i analytisk, teoretisk og historisk forståing av animasjon, med særskilt vektlegging av estetiske og etiske spørsmål: Kva for kunstnariske moglegheiter har ein som animatør, og kva for ansvar har ein som animatør i verda?
Utdanninga, som er den eldste utdanninga i animasjon på høgskulenivå i Norden, kvalifiserer studentane til profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig kunstarisk uttrykk, som ein form for film, og som element i andre uttrykksformer, medium og samanhengar. Studiet kvalifiserer til å søke opptak til Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda, og andre relevante masterutdanningar i inn- og utland.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentane skal ha omfattande kunnskap om
- heile produksjonsprosessen av animerte filmar
- prinsipp innan teikning, design og animasjon
- prinsipp og moglegheiter innan audiovisuell komposisjon, deriblant historieforteljng og visualisering av idear
- teoriar, begrepar og tankemåtar innan animasjonsvitskap
- animasjonsfilmens historiske konvensjonar og moglegheiter som uttrykksform
- animatørens og animasjonsfilmens rolle i samfunnet
Studentane skal
- ha grunnleggande ferdigheiter i fleire tradisjonelle animasjonsteknikkar
- ha omfattande ferdigheiter i ein vald animasjonsteknikk (2D/teiknefilm, stop-motion eller 3D-dataanimasjon)
- kunne ha ansvaret for produksjonen av eit animasjonsprosjekt frå preproduksjon til postproduksjon
- kunne arbeide som animatør i eit profesjonelt studio, og både kunne arbeide sjølvstendig og i gruppe
- kunne reflektere over animasjonsfilmens rolle i samfunnet, og over estetiske og etiske dimensjonar ved animasjon som uttrykk
- kunne tenke kritisk om animasjon og analysere eigne og andre sine animasjonsverk i ein teoretisk kontekst
- kunne skrive reflekterande tekstar innanfor ein akademisk sammenheng
Studentane skal kunne
- samarbeide med andre om eit felles kreativt prosjekt
- kommunisere og arbeide i eit internasjonalt miljø
- fullføre oppgåver innan ei fastsett tidsramme
- tenke kritisk og sjølvrefleksivt om sin eigen praksis og rolle som animatør i verda
Animasjonsstudiet fokuserer på praktiske animasjonsøvingar og prosjektarbeid. Studiet går over seks semester fordelt over tre år. Desse tre åra er delt opp i tre faser: Grunnleggande ferdigheiter (1. år), spesialisering (2. år) og profesjonalisering (3. år).
Det første året blir du introdusert for grunnleggande animasjonsprinsipp og forskjellige tradisjonelle teknikkar innan animasjon. Det andre året gir deg rom for å spesialisere deg i ein valfri teknikk, jobba med reelle prosjekt og reflektere over di eiga retning og rolle som animatør. Det tredje året består av ein omfattande eksamensproduksjon der du gjennomfører eit sjølvvald prosjekt. Det siste året lærer du også om organisering og arbeidsformer i animasjonsbransjen.
Dei to første semestera får du innføring i grunnleggande prinsipp innanfor ulike animasjonsteknikkar; teiknefilm på papir, digital teiknefilm, cut-out, dokkefilm (stop-motion) og 3D-dataanimasjon. Samtidig lærer du om grunnleggande begrep innanfor animasjonsvitskap, og du vil få historiske eksempel på ulike tilnærmingar til animasjon. Dette første året består hovudsakleg av forelesninger og seminarer, kurs og praktiske øvingar.
Tredje semester er prega av fordjuping, og her spesialiserer du deg i ein valfri teknikk. Størstedelen av semesteret går til å gjennomføre eit kortfilmprosjekt i gruppe. I prosjektet vel du å arbeide med 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon. I teoriundervisinga vil ein øve på å reflektere over animasjonens plass i samfunnet og over si eiga retning og rolle som animatør.
Gjennom dei tre første semestera vil det også bli halde undervising i figurteikning, som hovudsakleg består av akt- og krokiteikning etter modell.
Fjerde semester er ope for utveksling, og dei av studentane som ønsker det, kan dette semesteret studere ved eit av høgskulen sine partneruniversitet i utlandet. Dei som blir verande i Volda vil gjennom prosjektarbeid bli kjende med profesjonelle arbeidsmåtar og forset fordjupinga i vald animasjonsteknikk. Prosjektet kan vere intern praksis med oppdrag frå til dømes filmfestival, forskingsprosjekt eller andre studentprosjekt, ekstern praksis med opphald hos ei animasjonsbedrift, eller eit spesialiseringsprosjekt definert av student og rettleiar. I teoriemnet blir studentane introduserte til å sjå samanhengar mellom animasjon og andre disiplinar. Dette semesteret er det også eit valemne, der du vel fritt mellom dei tilgjengelege valemna på animasjonslinja og avdeling for mediefag.
Femte og sjette semester består av ein omfattande eksamensproduksjon. Her får du stor fridom til å forme sitt eige animasjonsprosjekt, og til å disponere tida sjølv i samarbeid med ein rettleiar. Ein kan jobbe med eksamensproduksjonen åleine eller i gruppe. Her vil ein få inngåande erfaring med preproduksjon, produksjon og postproduksjon av eit animasjonsprosjekt. Studentane skal også skrive eit refleksjonsskriv der ein reflekterer over produksjonsprosessen og kva ein lager. Dette siste året lærer du også meir om den profesjonelle bransjen og om ulike moglegheiter som praktiserande animatør, for å klargjere dei til tida etter bachelorstudiet. I samråd med emneansvarleg og rettleiar kan ein òg, om ein vil, finna tid til praksisplass hos ei ekstern bedrift i ein kortare periode dette siste året av bacheloren.
Studiet gir ei praktisk og teoretisk innføring i alle tradisjonelle animasjonsteknikkar og moglegheit for å utforske meir eksperimentelle teknikkar. Studentproduksjonar utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er i hovudsak her den praktiske læringa finn stad. I samband med dei praktiske oppgåvene blir det lagt vekt på den individuelle rettleiinga og oppfølging på alle ledd i produksjonen. Teoriundervisinga går i hovudsak føre seg som gruppeforelesingar, men inkluderer også seminar og skriftlege øvingsoppgåver. Det blir lagt vekt på å sjå animasjonsfilm og diskutere filmane.
Dei oppgitte pensumlistene for kvart emne er rettleiande. Endelege pensumlister blir gjort kjende før semesterstart.
Studentane har krav på utdanningssamtale kvart semester.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
15 | ||||||
10 | ||||||
5 | ||||||
15 | ||||||
10 | ||||||
5 | ||||||
15 | ||||||
10 | ||||||
5 | ||||||
10 | ||||||
10 | ||||||
Valemne (med atterhald om endringar) | 10 | |||||
10 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
30 | 30 | |||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Studentane arbeider praktisk med animasjon gjennom heile studiet. I andre halvdel av bacheloren er det mogleg å ha praksis i eit animasjonsstudio i ein kortare periode. Studentane arrangerer filmfestivalen Animation Volda kvar haust.
Skulen har eit godt utbygd nettverk av partneruniversitet der studentane kan søke utveksling. Animasjonsstudiet i Volda har sidan starten hatt ei internasjonal tilnærming. Tilsette har kontaktar i den internasjonale bransjen, og noko av undervisinga er på engelsk. Studentane kan reise utanlands som ein del av studiet, og internasjonale studentar kjem til Volda.
Kvart semester betaler ein den ordinære semesteravgifta.