See list of study plans starting on:

Animasjon

Studieprogram: 
Animasjon - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
15
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Søknad til utdanninga skjer gjennom Samordna opptak, og det blir tatt opp inntil 12 studentar kvart år. Studiet er retta mot kreative personar med interesse for visuelle medium. Tidlegare produksjonserfaring frå animasjon eller andre visuelle uttrykksformer kan vere ein fordel. I tillegg til generell studiekompetanse må søkjaren kvalifisere seg gjennom innsende arbeidsprøver. Arbeidsprøvene blir vurderte av ein eigen fagkomité ved høgskulen. Fagkomiteen kallar inn kvalifiserte søkjarar til intervju i Volda med supplerande oppgåver. Godkjende søkjarar konkurrerer så på grunnlag av konkurransepoeng. 

Om studiet

Animasjonsutdanninga i Volda er ei kunstfagleg utdanning, og den er den eldste utdanninga i animasjon på høgskulenivå i Norden. Animasjon er, med sin sentrale plass i både data, fjernsyn og film, eit viktig element i både underhaldning, nyheiter, informasjon og undervising. Animasjonsstudiet er eit integrert treårig praktisk-teoretisk studium. Animasjonsutdanninga kvalifiserer studentane til profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk, og animasjon i kombinasjon med nyheiter, informasjon, reklame og underhaldning. Studiet kvalifiserer til Master in Media Practices på Høgskulen i Volda, og masterutdanning ved samarbeidande skular i utlandet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane skal ha omfattande kunnskap om

  •  heile produksjonsprosessen av animerte filmar
  •  animasjonsfilmens historie både som underhaldning, opplysing og kunstnarisk uttrykk
  •  animasjonsfilmens plass som audiovisuelt uttrykk i det totale mediebildet
  •  analyse av medietekstar generelt og animert film spesielt.
Ferdigheiter

Studentane skal

  •  kunne arbeide som animatør i eit profesjonelt studio
  •  kunne ha regiansvaret for produksjonen av ein animert kortfilm
  •  kunne reflektere over animasjonsfilmens plass i samfunnet
  •  kunne analysere eigne og andres medietekstar i ein teoretisk kontekst
Generell kompetanse

Studentane skal

  •  kunne forstå animasjonsfilmens rolle i samfunnet og vere med å vidareutvikle mediebransjen
  •  kunne samarbeide med andre om eit felles kreativt prosjekt
  •  kunne kommunisere og arbeide i eit internasjonalt miljø
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet går over seks semester der dei tre første hovudsakleg er obligatorisk undervising og praktiske øvingar, og dei tre siste semestera er prega av fordjuping og ein omfattande eksamensproduksjon.

Studiet gir ei praktisk og teoretisk innføring i alle sentrale animasjonsteknikkar (teiknefilm, dokkefilm, cut-out og data-animasjon). Teoriundervisinga går i hovudsak føre seg som gruppeforelesingar. Studentproduksjonar utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er i hovudsak her den praktiske læringa finn  stad. I samband med dei praktiske oppgåvene blir det lagt vekt på den individuelle rettleiinga og oppfølging på alle ledd i produksjonen. All praktisk undervising er obligatorisk dersom studentane ikkje kan dokumentere tilsvarande kunnskap.

Studentane har rett til utdanningssamtale. Dei ulike emna blir vurderte med bokstavkarakterar eller som stått/ikkje stått. Dei oppgitte pensumlistene for hvert emne er rettleiande. Endelege pensumlister blir gjort kjent før semesterstart. 

Praksis

I fjerde semester kan ein velje to praktiske produksjonsemne, ha ekstern praksis eller utlandsopphald. Det er også mogleg å ha praksis i eit animasjonsstudio. Studentane arrangerer filmfestilvalen Animation Volda kvar haust. 

Internasjonalisering

Skulen har gode kontaktar med bransjen både i inn- og utland. Animasjonsstudiet i Volda har sidan starten hatt ei internasjonal tilnærming. Mange lærarar kjem frå den internasjonale bransjen, og mykje av undervisinga er på engelsk. Studentane reiser utanlands som ein del av studiet, og internasjonale studentar kjem til Volda. 

Kostnader

-

Anna
-
Ansvarleg
Trygve Selnes Nielsen