See list of study plans starting on:

Bachelor i animasjon

Studieprogram: 
Animasjon - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2022
Studieplassar: 
15
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Søknad til utdanninga skjer gjennom Samordna opptak. Det blir tatt opp inntil 15 studentar kvart år. Studiet er retta mot kreative personar med interesse for visuelle medium. Tidlegare erfaring med animasjon eller andre visuelle uttrykksformer kan vere ein fordel. I tillegg til generell studiekompetanse må søkaren kvalifisere seg gjennom innsende arbeidsprøver. Arbeidsprøvene blir vurderte av ein eigen fagkomité ved høgskulen. Fagkomiteen kallar inn kvalifiserte søkarar til intervju i Volda med supplerande oppgåver. Godkjende søkjarar konkurrerer så på grunnlag av konkurransepoeng.

Om studiet

Animasjonsutdanninga i Volda er ei kunstfagleg utdanning. Animasjon er både ei eiga kunstform, ein form for film, og eit element i mangfaldige medium og uttrykksformer, slik som realfilm, fjernsyn, dataspel og nettmedium. Animasjonsstudiet, som er den eldste utdanninga i animasjon på høgskulenivå i Norden, er eit integrert treårig praktisk-teoretisk studium som gir innføring i tradisjonelle animasjonsteknikkar og moglegheit for fordjuping i valfrie teknikkar.

Studiet er særskilt orientert om animasjonsfilm, men leggjer tilrette for å anvende, utforske og forstå animasjon utanfor dens tradisjonelle grensar. Studiet tar høgde for at animasjon er eit viktig element i mange ulike samanhengar, slik som populærkulturen, kunstfeltet, journalistikk og forsking. Ein vil lære å planlegge, animere, regissere og fullføre mindre og større animasjonsproduksjonar. Ein vil også få erfaring med på å bruke animasjon til å formidle og utforske idear, uttrykke seg og fortelje historier. Studiet gir dessutan ei innføring i analytisk, teoretisk og historisk forståing av animasjonsfilm, med særskilt vektlegging av estetiske og etiske spørsmål: Kva for kunstnariske moglegheiter har ein som animatør, og kva for ansvar har ein som animatør i verda?

Utdanninga kvalifiserer studentane til profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig kunstarisk uttrykk, som ein form for film, og som element i andre uttrykksformer, medium og samanhengar. Studiet kvalifiserer til å søke opptak til Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda, og andre relevante masterutdanningar i inn- og utland.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane skal ha omfattande kunnskap om

  • heile produksjonsprosessen av animerte filmar
  • prinsipp innan teikning, design og animasjon
  • prinsipp og moglegheiter innan audiovisuell komposisjon, deriblant historieforteljng og visualisering av idear
    teoriar, begrepar og tankemåtar innan animasjonsvitskap
  • animasjonsfilmens historiske konvensjonar og moglegheiter som uttrykksform
  • animatørens og animasjonsfilmens rolle i samfunnet
Ferdigheiter

Studentane skal

  • ha grunnleggande ferdigheiter i fleire tradisjonelle animasjonsteknikkar
  • ha omfattande ferdigheiter i ein vald animasjonsteknikk (2D/teiknefilm, stop-motion eller 3D-dataanimasjon)
  • kunne ha ansvaret for produksjonen av eit animasjonsprosjekt frå preproduksjon til postproduksjon
  • kunne arbeide som animatør i eit profesjonelt studio, og både kunne arbeide sjølvstendig og i gruppe
  • kunne reflektere over animasjonsfilmens rolle i samfunnet, og over estetiske og etiske dimensjonar ved animasjon som uttrykk
  • kunne tenke kritisk om animasjon og analysere eigne og andre sine animasjonsverk i ein teoretisk kontekst
  • kunne skrive reflekterande tekstar innanfor ein akademisk sammenheng
Generell kompetanse

Studentane skal kunne

  • samarbeide med andre om eit felles kreativt prosjekt
  • kommunisere og arbeide i eit internasjonalt miljø
  • fullføre oppgåver innan ei fastsett tidsramme
  • tenke kritisk og sjølvrefleksivt om sin eigen praksis og rolle som animatør i verda
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet går over seks semester fordelt over tre år. Desse tre åra er delt opp i tre faser: Grunnleggande ferdigheiter (1. år), spesialisering (2. år) og profesjonalisering (3. år). Det første året introduserer studentane for grunnleggande animasjonsprinsipp og forskjellige tradisjonelle teknikkar innan animasjon. Det andre året gir studentane rom for å spesialisere seg i ein valfri teknikk og reflektere over si eiga retning og rolle som animatør. Det tredje året består av ein omfattande eksamensproduksjon der studentane gjennomfører eit sjølvvald prosjekt. Det siste året lærer dei også om organisering og arbeidsformer i animasjonsbransjen.

Dei to første semestera får studentane innføring i grunnleggande prinsipp innanfor ulike animasjonsteknikkar; teiknefilm på papir, digital teiknefilm, stop-motion cut-out, digital cut-out, dokkefilm og 3D-dataanimasjon. Samtidig lærer studentane om grunnleggande begrep innanfor animasjonsvitskap, og dei vil få historiske eksempel på ulike tilnærmingar til animasjon. Dette første året består hovudsakleg av undervising og praktiske øvingar.

Tredje semester er prega av fordjuping, og her spesialiserer studentane seg i ein valfri teknikk. Størstedelen av semesteret går til å gjennomføre eit kortfilmprosjekt i gruppe. I prosjektet vel dei å arbeide med 2D, stop-motion eller 3D-dataanimasjon. Studentane gjer også ei øving i eksperimentell animasjon. I teoriundervisinga vil ein øve på å reflektere over animasjonens plass i samfunnet og over si eiga retning og rolle som animatør.

Gjennom dei tre første semestera vil det også bli halde undervising i figurteikning, som hovudsakleg består av akt- og krokiteikning etter modell.

I fjerde semester skal studentane gjennom prosjektarbeid bli kjende med profesjonelle arbeidsmåtar og forset fordjupinga i vald animasjonsteknikk. Prosjektet kan vere intern praksis med oppdrag frå til dømes filmfestival, forskingsprosjekt eller andre studentprosjekt, ekstern praksis med opphald hos ei animasjonsbedrift, eller eit spesialiseringsprosjekt definert av student og rettleiar. I teoriemnet blir studentane introduserte til å sjå samanhengar mellom animasjon og andre disiplinar, slik som forsking og medievitskap. Dette semesteret er det også eit valemne, der studentane vel fritt mellom dei tilgjengelege valemna på animasjonslinja og avdeling for mediefag. Fjerde semester er ope for utveksling, og dei av studentane som ønsker det, kan dette semesteret studere ved eit av høgskulen sine partneruniversitet i utlandet.

Femte og sjette semester består av ein omfattande eksamensproduksjon. Her får studentane stor fridom til å forme sitt eige animasjonsprosjekt, og til å disponere tida sjølv i samarbeid med ein rettleiar. Ein kan jobbe med eksamensproduksjonen åleine eller i gruppe. Her vil ein få inngåande erfaring med preproduksjon, produksjon og postproduksjon av eit animasjonsprosjekt. Studentane skal også skrive eit refleksjonsskriv der ein reflekterer over produksjonsprosessen og kva ein lager. Dette siste året lærer studentane også meir om den profesjonelle bransjen og om ulike moglegheiter som praktiserande animatør, for å klargjere dei til tida etter bachelorstudiet.

Studiet gir ei praktisk og teoretisk innføring i alle tradisjonelle animasjonsteknikkar og moglegheit for å utforske meir eksperimentelle teknikkar. Studentproduksjonar utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er i hovudsak her den praktiske læringa finn stad. I samband med dei praktiske oppgåvene blir det lagt vekt på den individuelle rettleiinga og oppfølging på alle ledd i produksjonen. Teoriundervisinga går i hovudsak føre seg som gruppeforelesingar, men inkluderer også seminar og skriftlege øvingsoppgåver. Det blir lagt vekt på å sjå animasjonsfilm og diskutere filmane. 

Dei oppgitte pensumlistene for kvart emne er rettleiande. Endelege pensumlister blir gjort kjende før semesterstart.

Studentane har krav på utdanningssamtale kvart semester.

Praksis

Studentane arbeider praktisk med animasjon gjennom heile studiet. Fjerde semester er det mogleg å ha praksis i eit animasjonsstudio. Studentane arrangerer filmfestivalen Animation Volda kvar haust.

Internasjonalisering

Skulen har eit godt utbygd nettverk av partneruniversitet der studentane kan søke utveksling. Animasjonsstudiet i Volda har sidan starten hatt ei internasjonal tilnærming. Tilsette har kontaktar i den internasjonale bransjen, og noko av undervisinga er på engelsk. Studentane kan reise utanlands som ein del av studiet, og internasjonale studentar kjem til Volda.

Kostnader

Kvart semester betaler ein den ordinære semesteravgifta på 700 kr.

Ansvarleg
Endre Eidså Larsen