Språk og litteratur - bachelor
Studieprogrammet tilbyr utdanning i språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og gjev innsyn i språk og kultur frå notid og fortid. Studenten kan velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og har høve til å fordjupe seg i språklege eller litterære tema. Studieprogrammet har ulike kompetansemål alt etter dei emnevala studenten gjer.
Spesialisering innanfor norsk (nordisk) eller engelsk kvalifiserer for opptak til Master i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda og andre relevante masterstudium ved høgskular og universitet i Noreg og i utlandet. Mastergrad med eit undervisningsfag (som norsk eller engelsk) er grunnlag for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gjev undervisningskompetanse i skuleverket. Dei som skal undervise i skulefaga norsk og engelsk må ha eit minimum av både litterære og språklege emne.
Studieprogrammet gjev kompetanse til å arbeide der ein treng språk- og/eller tekst- og kulturkompetanse. Dette gjeld mellom anna informasjonsarbeid, arbeid i presse, forlag, bibliotek og arkiv, og arbeid på internasjonalt og tverrkulturelt nivå.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
* Studenten skal ha kunnskap om språket, litteraturen og kulturen i det nordiske og/eller det engelskspråklege området.
* Studenten skal kjenne til sentrale metodar i språk- og litteraturforsking.
* Studenten skal kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte.
* Studenten skal kunne utforme fagtekstar på norsk og/eller engelsk språk.
Studenten kan velje mellom nordisk og engelsk fordjuping.
60 studiepoeng frå eit årsstudium på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå (inklusiv bacheloroppgåve) er obligatorisk i det språk- og kulturområdet studenten vel å fordjupe seg i (norsk eller engelsk).
Innføringsemna EXP100 og REL142N er obligatoriske i bachelorgraden i språk og litteratur, og vert tilbodne i haustsemesteret i andre studieår.
Av studiemodellen vil det gå fram kva for emne som er tilgjengelege i studieløpet. Merk at ein ikkje vil kunne ta fordjupingsemne før tredje semesteret på grunn av krav om forkunnskapar. Tilsvarande vil ikkje bacheloroppgåve vere mogleg å skrive før ein har 75 studiepoeng fordelt på fire grunnemne og eitt fordjupingsemne i same fagkrinsen.
Under er studiemodellen for fordjuping i norsk (nordisk). Det er fire komponentar i studieplanen:
- Grunnemna på 75 studiepoeng – bør takast i dei tre fyrste semestera
- Fordjupingsemne – vel blant fire emne, to språklege og to litterære
- Støtteemne på 60 studiepoeng – sjå oversikt over valbare emne under
- Bacheloroppgåve – vel mellom litterær og språkleg oppgåve
Studenten vel sjølv kvar hen vil plassere fordjupings- og støtteemna i studieløpet. Merk at kvart emne anten går haust eller vår, og at det kan vere krav om forkunnskapar til nokre av emna. Dette går fram av den enkelte emneplan.
Alle bachelorstudentar har rett til ein utdanningssamtale kvart semester, og ein oppmodar om å bruke denne til hjelp og støtte for å planlegge studieløpet på ein best mogleg måte.
Emne | 2025 Haust | 2026 Vår | 2026 Haust | 2027 Vår | 2027 Haust | 2028 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske grunnemne (til saman 75 studiepoeng): | 30 | 30 | 15 | |||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
10 | ||||||
5 | ||||||
Vel fordjupingsemne blant desse valbare emna. Studenten vel sjølv når hen vil ta kvart emne, sjølv om dei i tabellen vises i fleire semester. Det er krav om å velje minst eitt av desse emna i tillegg til bacheloroppgåva. | 15 | 30 | 30 | 15 | ||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Støtteemne (inntil 60 studiepoeng). Vi rår til at studentane vel emne innanfor same emnegruppe, t.d. 60 studiepoeng engelsk. Studenten vel sjølv når hen vil ta kvart emne, sjølv om dei i tabellen vises i fleire semester. | ||||||
Utvekslingssemester, utgjer 30 studiepoeng. | 30 | 30 | ||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Bacheloroppgåve. Du vel mellom språkleg og litterær fordjuping. | 15 | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Under er studiemodellen for fordjuping i engelsk. Det er fire komponentar i studieplanen:
- Grunnemna på 75 studiepoeng – bør takast i dei tre fyrste semestera
- Fordjupingsemne – herunder ENG203 og ENG207
- Støtteemne på 60 studiepoeng – sjå oversikt over valbare emne under
- Bacheloroppgåve – vel mellom litterær og språkleg oppgåve
Studenten vel sjølv kvar hen vil plassere fordjupings- og støtteemna i studieløpet. Merk at kvart emne anten går haust eller vår, og at det kan vere krav om forkunnskapar til nokre av emna. Dette går fram av den enkelte emneplan.
Alle bachelorstudentar har rett til ein utdanningssamtale kvart semester, og ein oppmodar om å bruke denne til hjelp og støtte for å planlegge studieløpet på ein best mogleg måte.
Emne | 2025 Haust | 2026 Vår | 2026 Haust | 2027 Vår | 2027 Haust | 2028 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske grunnemne (til saman 75 studiepoeng): | 30 | 30 | 15 | |||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
10 | ||||||
5 | ||||||
Vel fordjupingsemne blant desse valbare emna. Studenten vel sjølv når hen vil ta kvart emne, sjølv om dei i tabellen vises i fleire semester. Det er krav om å velje minst eitt av desse emne i tillegg til bacheloroppgåva. | 15 | 15 | 15 | 15 | ||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Støtteemne (til saman 75 studiepoeng). Vi rår til at studentane vel emne innanfor same emnegruppe, t.d. 60 studiepoeng norsk (nordisk). Studenten vel sjølv når hen vil ta kvart emne, sjølv om dei i tabellen vises i fleire semester. | 15 | 15 | ||||
Utvekslingssemester, utgjer 30 studiepoeng. | 30 | 30 | ||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Bacheloroppgåve. Du vel mellom språkleg og litterær fordjuping. | 15 | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (165 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 15 |
Studentar blir oppmoda om å ta eit semester i utlandet, til dømes ved Det norske studiesenteret i Storbritannia eller ein annan partnarinstitusjon i utlandet. Ein bør ha 60 studiepoeng i det faget ein vil studere før ein dreg ut.
Studentar kan velje om dei vil reise i haust- eller vårsemesteret, men vi rår til at ein reiser i semester 5 (som er om hausten). Om ein følgjer den tilrådde planen for bachelorgraden, vil ein då ha 75 studiepoeng i obligatoriske grunnemne, eitt fordjupingsemne og to støtteemne før ein reiser ut, altså til saman 120 studiepoeng.