Se liste over studieplaner som starter:

Bachelor i språk og litteratur

Studieprogram: 
Språk og litteratur - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Studieprogrammet tilbyr utdanning i språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og gjev innsyn i språk og kultur frå notid og fortid. Studenten kan velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og har høve til å fordjupe seg i språklege eller litterære tema. Studieprogrammet har ulike kompetansemål alt etter dei emnevala studenten gjer. Med spesialisering innanfor nordisk kvalifiserer studiet for opptak til masterstudiet i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og andre relevante masterstudium ved høgskular og universitet i Noreg og i utlandet. Med fordjuping i engelsk kvalifiserer studiet for relevante masterstudium i Noreg eller i utlandet. Mastergrad med eit undervisningsfag (som norsk eller engelsk) er grunnlag for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gjev undervisningskompetanse i skuleverket. Dei som skal undervise i skulefaga norsk og engelsk må ha eit minimum av både litterære og språklege emne. Programmet kvalifiserer for arbeidslivet elles der ein treng språk- og/eller tekst- og kulturkompetanse. Dette gjeld mellom anna informasjonsarbeid, arbeid i presse, forlag, bibliotek og arkiv samt arbeid på internasjonalt og tverrkulturelt nivå.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

* Studenten skal ha kunnskap om språket, litteraturen og kulturen i det nordiske og/eller det engelskspråklege området.

* Studenten skal kjenne til sentrale metodar i språk- og litteraturforsking.

Ferdigheiter

* Studenten skal kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte.

Generell kompetanse

* Studenten skal kunne utforme faglege tekstar på norsk og/eller engelsk språk.

Organisering og arbeidsmåtar

Studenten kan velje mellom nordisk og engelsk fordjuping. Ex. fac. (HUM101) er obligatorisk i Bachelorgraden i språk og litteratur, og vert tilbydd i haustsemesteret. Det er tilrådd å ta emnet i 1. semester, men studenten kan be om å få ta emnet i 3. eller 5. semester i staden. 60 stp på 100-nivå og 30 stp på 200-nivå er obligatorisk i det studiet studenten vel å fordjupe seg i (norsk eller engelsk). Dei 60 stp på 100-nivå må i samansetting tilsvare årsstudium i det relevante faget.

Bachelor i språk og litteratur - fordjuping i norsk (nordisk)
Navn: 
Bachelor i språk og litteratur - fordjuping i norsk (nordisk)
Emne2020 Haust2021 Vår2021 Haust2022 Vår2022 Haust2023 Vår
Obligatoriske grunnemne
30301515
 
15
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Vel fordjuping og støttemne
15153030
 
Språk, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva
 
 
1515
 
 
1515
 
 
151515
 
Litteratur, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva
 
 
1515
 
 
1515
 
 
151515
 
Støtteemne
 
 
1515
 
 
1515
 
 
1515
 
 
1515
15
15
15
NO204 Litteratur og sjukdom
15
15
15
15
15
15
15
15
15
15
15
15
15
15
Bachelor i språk og litteratur - fordjuping i engelsk
Navn: 
Bachelor i språk og litteratur - fordjuping i engelsk
Internasjonalisering

Studentar blir oppmoda om å ta eit semester i utlandet, til dømes ved Det norske studiesenteret i Storbritannia eller ein annan partnarinstitusjon i utlandet. Ein bør ha 60 stp i det faget ein vil studere før ein dreg ut. 

Ansvarleg
Katrin Lunde