Bachelor i språk og litteratur
Studieprogrammet tilbyr utdanning i språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og gjev innsyn i språk og kultur frå notid og fortid. Studenten kan velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og har høve til å fordjupe seg i språklege eller litterære tema. Studieprogrammet har ulike kompetansemål alt etter dei emnevala studenten gjer. Med spesialisering innanfor nordisk kvalifiserer studiet for opptak til masterstudiet i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og andre relevante masterstudium ved høgskular og universitet i Noreg og i utlandet. Med fordjuping i engelsk kvalifiserer studiet for relevante masterstudium i Noreg eller i utlandet. Mastergrad med eit undervisningsfag (som norsk eller engelsk) er grunnlag for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gjev undervisningskompetanse i skuleverket. Dei som skal undervise i skulefaga norsk og engelsk må ha eit minimum av både litterære og språklege emne. Programmet kvalifiserer for arbeidslivet elles der ein treng språk- og/eller tekst- og kulturkompetanse. Dette gjeld mellom anna informasjonsarbeid, arbeid i presse, forlag, bibliotek og arkiv samt arbeid på internasjonalt og tverrkulturelt nivå.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
* Studenten skal ha kunnskap om språket, litteraturen og kulturen i det nordiske og/eller det engelskspråklege området.
* Studenten skal kjenne til sentrale metodar i språk- og litteraturforsking.
* Studenten skal kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte.
* Studenten skal kunne utforme faglege tekstar på norsk og/eller engelsk språk.
Studenten kan velje mellom nordisk og engelsk fordjuping. Ex. fac. (HUM101) er obligatorisk i Bachelorgraden i språk og litteratur, og vert tilbydd i haustsemesteret. Det er tilrådd å ta emnet i 1. semester, men studenten kan be om å få ta emnet i 3. eller 5. semester i staden. 60 stp på 100-nivå og 30 stp på 200-nivå er obligatorisk i det studiet studenten vel å fordjupe seg i (norsk eller engelsk). Dei 60 stp på 100-nivå må i samansetting tilsvare årsstudium i det relevante faget.
Emne | 2019 Haust | 2020 Vår | 2020 Haust | 2021 Vår | 2021 Haust | 2022 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske grunnemne | 30 | 30 | 15 | 15 | ||
15 | 15 | 15 | ||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Vel fordjuping og støttemne | 15 | 15 | 30 | 30 | ||
Språk, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | 15 | ||||
Litteratur, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | 15 | ||||
Støtteemne | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Emne | 2019 Haust | 2020 Vår | 2020 Haust | 2021 Vår | 2021 Haust | 2022 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske grunnemne | 30 | 30 | 15 | 15 | ||
15 | 15 | 15 | ||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Vel fordjuping og støttemne | 15 | 15 | 30 | 30 | ||
Språk, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
Litteratur, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
Støtteemne | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Studentar blir oppmoda om å ta eit semester i utlandet, til dømes ved Det norske studiesenteret i Storbritannia eller ein annan partnarinstitusjon i utlandet. Ein bør ha 60 stp i det faget ein vil studere før ein dreg ut.