Språk og litteratur - bachelor
Studieprogrammet tilbyr utdanning i språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og gjev innsyn i språk og kultur frå notid og fortid. Studenten kan velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og har høve til å fordjupe seg i språklege eller litterære tema. Studieprogrammet har ulike kompetansemål alt etter dei emnevala studenten gjer.
Spesialisering innanfor norsk (nordisk) eller engelsk kvalifiserer for opptak til Master i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda og andre relevante masterstudium ved høgskular og universitet i Noreg og i utlandet. Mastergrad med eit undervisningsfag (som norsk eller engelsk) er grunnlag for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gjev undervisningskompetanse i skuleverket. Dei som skal undervise i skulefaga norsk og engelsk må ha eit minimum av både litterære og språklege emne.
Studieprogrammet gjev kompetanse til å arbeide der ein treng språk- og/eller tekst- og kulturkompetanse. Dette gjeld mellom anna informasjonsarbeid, arbeid i presse, forlag, bibliotek og arkiv, og arbeid på internasjonalt og tverrkulturelt nivå.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
* Studenten skal ha kunnskap om språket, litteraturen og kulturen i det nordiske og/eller det engelskspråklege området.
* Studenten skal kjenne til sentrale metodar i språk- og litteraturforsking.
* Studenten skal kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte.
* Studenten skal kunne utforme fagtekstar på norsk og/eller engelsk språk.
Studenten kan velje mellom nordisk og engelsk fordjuping.
60 studiepoeng frå eit årsstudium på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå (inklusiv bacheloroppgåve) er obligatorisk i det studiet studenten vel å fordjupe seg i (norsk eller engelsk).
Innføringsemna EXP100 og REL142 er obligatoriske i Bachelorgrad i språk og litteratur, og vert tilbydd i haustsemesteret. Studenten bør ta desse emna det første semesteret.
I studiemodellen nedanfor vil det gå fram kva for emne som er tilgjengelege i studieløpet. Merk at ein ikkje vil kunne ta fordjupingsemne før tredje semesteret pga. kravet til forkunnskapar. Tilsvarande vil ikkje bacheloroppgåve vere mogleg å skrive før ein har 75 studiepoeng fordelt på fire grunnemne og eitt fordjupingsemne i same fagkrinsen.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske grunnemne (til saman 75 studiepoeng): | 30 | 30 | 15 | 15 | ||
10 | ||||||
5 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Vel fordjupingsemne og bacheloroppgåve (til saman 30 studiepoeng): | 15 | 15 | 30 | 30 | ||
Språk, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | 15 | ||||
Litteratur, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | 15 | ||||
Støtteemne (til saman 75 studiepoeng). Vi rår til at studentane vel emne innanfor same emnegruppe, t.d. 60 studiepoeng engelsk. Det er også mogleg å ta ytterlegare eit fordjupingsemne som støtteemne i anten norsk (nordisk) eller engelsk. | ||||||
Utveksling/internasjonalisering | 30 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske grunnemne (til saman 75 studiepoeng): | 30 | 30 | 15 | 15 | ||
10 | ||||||
5 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Vel fordjupingsemne og bacheloroppgåve (til saman 30 studiepoeng): | 15 | 15 | 30 | 30 | ||
Språk: | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Litteratur: | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Støtteemne (til saman 75 studiepoeng). Vi rår til at studentane vel emne innanfor same emnegruppe, t.d. 60 studiepoeng norsk (nordisk). Det er også mogleg å ta ytterlegare eit fordjupingsemne som støtteemne i anten norsk (nordisk) eller engelsk. | ||||||
Utveksling/internasjonalisering | 30 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Studentar blir oppmoda om å ta eit semester i utlandet, til dømes ved Det norske studiesenteret i Storbritannia eller ein annan partnarinstitusjon i utlandet. Ein bør ha 60 studiepoeng i det faget ein vil studere før ein dreg ut.
Studentar kan velje om dei vil reise i haust- eller vårsemesteret, men vi rår til at ein reiser i semester 5 (som er om hausten). Om ein følgjer den tilrådde planen for bachelorgraden, vil ein då ha 75 studiepoeng i obligatoriske grunnemne, eitt fordjupingsemne og to støtteemne før ein reiser ut, altså til saman 120 studiepoeng.