Bachelor i språk og litteratur
Studieprogrammet tilbyr utdanning i språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og gjev innsyn i språk og kultur frå notid og fortid. Studenten kan velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og har høve til å fordjupe seg i språklege eller litterære tema. Studieprogrammet har ulike kompetansemål alt etter dei emnevala studenten gjer. Spesialisering innanfor nordisk eller engelsk kvalifiserer for opptak til masterstudiet i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda og andre relevante masterstudium ved høgskular og universitet i Noreg og i utlandet. Mastergrad med eit undervisningsfag (som norsk eller engelsk) er grunnlag for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gjev undervisningskompetanse i skuleverket. Dei som skal undervise i skulefaga norsk og engelsk må ha eit minimum av både litterære og språklege emne. Programmet kvalifiserer for arbeidslivet elles der ein treng språk- og/eller tekst- og kulturkompetanse. Dette gjeld mellom anna informasjonsarbeid, arbeid i presse, forlag, bibliotek og arkiv samt arbeid på internasjonalt og tverrkulturelt nivå.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
* Studenten skal ha kunnskap om språket, litteraturen og kulturen i det nordiske og/eller det engelskspråklege området.
* Studenten skal kjenne til sentrale metodar i språk- og litteraturforsking.
* Studenten skal kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte.
* Studenten skal kunne utforme faglege tekstar på norsk og/eller engelsk språk.
Studenten kan velje mellom nordisk og engelsk fordjuping. EXP100 og HUM102 er obligatorisk i Bachelorgraden i språk og litteratur, og vert tilbydd i haustsemesteret. Det er tilrådd å ta desse to emna 1. semester, men studenten kan be om å få ta emna i 3. eller 5. semester i staden. 60 stp på 100-nivå og 30 stp på 200-nivå er obligatorisk i det studiet studenten vel å fordjupe seg i (norsk eller engelsk). Dei 60 stp på 100-nivå må i samansetting tilsvare årsstudium i det relevante faget.
Emne | 2021 Haust | 2022 Vår | 2022 Haust | 2023 Vår | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske grunnemne | 30 | 30 | 15 | 15 | ||
10 | 10 | 10 | ||||
5 | 5 | 5 | ||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Vel fordjuping og støttemne | 15 | 15 | 30 | 30 | ||
Språk, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva | ||||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | 15 | ||||
Litteratur, vel eitt fordjupingsemne i tillegg til bacheloroppgåva | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | 15 | ||||
Støtteemne (til saman 75 studiepoeng). Vi rår til at studentane vel emne innanfor same emnegruppe, t.d. 60 studiepoeng engelsk. Det er også mogleg å ta ytterlegare eit fordjupingsemne som støtteemne i anten norsk (nordisk) eller engelsk. | ||||||
Utveksling/internasjonalisering | 30 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Emne | 2021 Haust | 2022 Vår | 2022 Haust | 2023 Vår | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske grunnemne | 30 | 30 | 15 | 15 | ||
10 | 10 | 10 | ||||
5 | 5 | 5 | ||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Vel fordjuping med støttemne | 15 | 15 | 30 | 30 | ||
Språk: | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
Litteratur: | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
Støtteemne (til saman 75 studiepoeng). Vi rår til at studentane vel emne innanfor same emnegruppe, t.d. 60 studiepoeng engelsk. Det er også mogleg å ta ytterlegare eit fordjupingsemne som støtteemne i anten norsk (nordisk) eller engelsk. | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Studentar blir oppmoda om å ta eit semester i utlandet, til dømes ved Det norske studiesenteret i Storbritannia eller ein annan partnarinstitusjon i utlandet. Ein bør ha 60 stp i det faget ein vil studere før ein dreg ut.