Semesters
BLUNHR-D Natur, Helse og Rørsle
Ingen
Kunnskapsområdet NHR er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i barnehagelærarutdanning og består av fagområda natur, helse og rørsle.Kunnskapsområdet skal gi studentane grunnlag for å kunne ta med barn ut i naturen, drive førebyggjande helsearbeid i barnehagen, planleggje og lage sunne måltid, samt dekke barns behov for omsorg og fysisk aktivitet. Barn er kroppslege i sin veremåte, og det er mellom anna gjennom kropp og rørsle barn blir kjende med seg sjølve og verda rundt. Gjennom studiet skal studentane lære om plantar og dyr i nærområdet og om korleis ein kan leggje til rette for naturstudiar og leikprega aktivitetar med og i naturen til alle årstider. Ved å ha eit aktivt friluftsliv i barnehagen der naturkunnskap og rørsleerfaring står i fokus, vil ein leggje eit grunnlag for at barna skal kunne lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Emnet inneheld fylgjande tema: generell økologi, kunnskap om plantar og dyr i nærområdet, kunnskap om barns merksemd i naturen, kroppsleg vekst og motorisk utvikling, uteleikar i terreng, natursti, miljø-utfordringar og berekraftig utvikling, årstider, himmelen over oss, fysikkaktivitetar i barnehagen, førebyggjande helsearbeid i barnehagen, førstehjelp, sunn mat i barnehagen, spor og sporteikn, «Barn og snø», aktivitetar i sal, vasstilvenning og aktivitetar om våren.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har kunnskap om:
kroppsleg leik og korleis barn gjennom kropp og sansar lærer om verda og forstår seg sjølv
korleis barn lærer i samspel med varierte læringsmiljø og korleis ein kan initiere og støtte opp om barn sine læringsprosessar
naturen: økologi, økosystem, artskunnskap, vêrfenomen og endringar i naturen gjennom årstidene
korleis leggje til rette for naturstudiar og leikprega aktivitetar med og i naturen til ulike årstider
fysiske fenomen-fysikkforsøk i barnehagen, lokale og globale miljøtema, biologisk mangfald, berekraftig utvikling og mennesket som del av heilskapen
korleis menneskekroppen er bygd opp og korleis den fungerer
fyrstehjelp, helsefremjande arbeid, sunt kosthald, ergonomi og grunnleggjande hygiene
fysisk, psykisk, sosial, emosjonell og motorisk utvikling hjå barn og korleis ein kan stimulere denne utviklinga
mangfaldet i barnehagen
Kandidaten har ferdigheiter i å:
utforske naturen og eksperimentere med fenomen i den fysiske verda og med kvardagsteknologi saman med barn
bruke lokale naturressursar i praktisk arbeid med barn
reflektere over og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv i arbeidet med natur, helse og rørsle
planleggje, leie/gjennomføre og vurdere behov for fysisk aktivitet, kvile, varierte måltid og god hygiene for barn i barnehagen
vurdere risiko i leikemiljø og leggje til rette for barns risikomeistring, både på barnehagens område og på turar utanfor barnehagens område
kunne utføre førstehjelp og HLR - hjerte, lungeredning
Kandidaten har generell kompetanse i å:
vere aktiv, medverkande og inspirerande rollemodell saman med barn i deira rørsleleik og naturopplevingar
kunne gje meiningsfulle svar på barna sine spørsmål
bruke kosthald og fysisk aktivitet som førebyggjande og helsefremjande faktor i barnehagen
analysere og kritisk reflektere over korleis kjønn, likestilling, likeverd og kulturelt mangfald blir ivaretatt gjennom barnehagens rutinar
orientere seg i nærmiljøet og bruke moglegheitene til naturfagleg utforsking saman med barna, samt legge til rette for rørsle gjennom leik
ta vare på eiga helse i arbeidet i barnehagen
utarbeide gode rutinar for helse, miljø og tryggleik i barnehagen
analysere og kritisk reflektere over forsking i kunnskapsområdet/fagfeltet samt nødvendigheita av å kjenne til ny forsking
Undervisninga i kunnskapsområdet er i stor grad praktisk retta der studentane er aktive og undersøkjande. Vi nyttar varierte undervisnings - og arbeidsformer som høyrer naturfag, fysisk fostring og pedagogikk til. Undervisninga vil variere mellom førelesningar, seminar, prosjektarbeid, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, baner, symjehall, sal og kjøkken.
Det vert gitt eit obligatorisk kurs i førstehjelp og HLR.
I kurset vasstilvenning vert det stilt krav om 80 % aktiv deltaking i vatnet. For å kunne avvike frå dette kravet må studenten leggje fram legeattest som syner at han/ho ikkje kan ta aktivt del i bassengaktivitetar. Det vert gitt tilbod om ei praktisk prøve i livberging i vatn.
I samband med temaarbeidet «Barn og snø» skal vi til snøsikkert område, i denne samanhengen må studentane pårekne utgifter til transport og overnatting. I tilfelle lite snø vil det bli gjennomført alternativt opplegg. Det er krav om obligatorisk frammøte og aktiv deltaking.
Didaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i deler av emnet sine arbeidskrav. NHR inneheld rettleia praksis i barnehage. Sjå nærare informasjon i emneplan for praksis.
Det er obligatorisk frammøte og krav til aktiv deltaking i kunnskapsområdet NHR. Krav til frammøte er slik det går fram av høgskulen sitt frammøtereglement forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3. om frammøte/deltaking i undervisninga.
Ein nyttar i hovudsak Fronter til innleveringar og kommunikasjon mellom studentar og faglærarar.Studentane betaler ei materialavgift på kr. 150,- til innkjøp av fellesmateriale, mat og utstyr. I tillegg må studentane rekne utgifter til transport, mat og personleg utstyr i samband med ekskursjonar.
Vilkår for å kunne gå opp i eksamen:
- Godkjent arbeidskrav etter praksis med tema frå mat og helse
- Godkjent seminarpresentasjon i grupper om ein naturfagleg aktivitet i barnehagen
- Godkjent individuell test av artskunnskap
- Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) i mindre grupper, der studentane skal planlegge, legge til rette og leie/gjennomføre aktivitetar i nærmiljøet eller sal for og med ei gruppe barn eller medstudentar
Endeleg vurdering i emnet skjer i vårsemesteret på grunnlag av:
1. Godkjent deltaking på vinterkurset "Barn og snø". (Vurdering: Stått/ikkje stått).
2. Godkjent førstehelpskurs med HLR - hjerte, lungeredning. (Vurdering: Stått/ikkje stått).
3. Praktisk og skriftleg eksamen del A og del B:
Del A: Studentane skal i mindre gruppe ut i frå ei gitt oppgåve planleggje og demonstrere eit praktisk metodisk opplegg for born i nærmiljøet eller i sal. Dei skal grunngi alle val og kunne svare på spørsmål frå pensum. Etter ei total vurdering vert det gitt individuell karakter, der det vil bli lagt vekt på didaktiske ferdigheiter og teoretisk kunnskap.
Del B: Individuell skriftleg eksamen på 4 timar.
Del A tel 40 % og del B tel 60% av total karakter. Begge delane må vere bestått.
Ved ny/utsett eksamen skal kandidaten framstille seg individuelt, men etter same opplegg som ved ordinær gruppeeksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Kr 150,-
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Ingen | |||
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Ingen | ||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | Pass / fail | Gjennomføring og godkjenning av deltaking på vinterkurset "Barn og snø". Vurderingsgrunnlag: aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. | ||||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | Pass / fail | Gjennomføring og godkjenning av førstehjelpskurs med HLR - hjerte, lungeredning. Vurderingsgrunnlag: 100% aktiv deltaking på kurset. Kurset går om hausten. |
Ved ny/utsett eksamen skal kandidaten framstille seg individuelt, men etter same opplegg som ved ordinær gruppeeksamen.