Semesters

BLUNHR-D Natur, Helse og Rørsle

Course code: 
BLUNHR-D
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
20
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2020 Autumn
2021 Spring
Assessment semester: 
2021 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet skal gi studentane kunnskap og ferdigheiter i å leggje til rette for utforskande aktivitetar med barn i naturen, korleis drive førebyggjande helsearbeid, korleis planleggje og lage sunne måltid, samt korleis ein kan dekke borna sitt behov for omsorg og fysisk aktivitet. Emne vil dekke sentrale tema som omhandlar livsmeistring, helse og berekraftig utvikling.   

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

 

Studenten skal kunne: 

  • fortelje om dei nasjonale kostråda og retningslinjene for mat og måltid i barnehagen 

  • ha kunnskap om kosthald og ernæring blant norske barnehagebarn, samt om matintoleranse, allergi, astma og inneklima 

  • ha innsikt i naturvitskaplege fenomen, biologisk mangfald, økologi, miljøproblem og berekraftig utvikling 

  • ha didaktisk kunnskap om korleis legge til rette for leik, læring og utforskning 

  • kunne vurdere betydninga av kroppsleg leik og korleis barn gjennom kropp, sansar og varierte læringsmiljø lærer om verda og forstår seg sjølve 

  • forklare koordinative og fysiske eigenskapar og relatere utviklinga av desse til menneskekroppens oppbygning og funksjon og fysisk og motorisk utvikling  

Learning outcome skills

 

Studenten skal kunne: 

  • reflektere over eigne verdiar og haldningar til mat og helse og vurdere myter og fakta om kosthald, og stimulere til ein sunn profil i barnehagen 

  • reflektere over korleis praktisk arbeid på kjøkkenet kan vere med på å påverke arbeidet med mat og måltid i barnehagen for å fremme måltidsglede, smaksutvikling, deltaking, samtalar, fellesskapskjensle og innsikt i matens veg frå jord til bord 

  • kartlegge korleis ein kan endre mat og måltidsvanar i barnehagen 

  • namnsette eit utval av vanlege planter, småkryp og dyr 

  • observere, planlegge, gjennomføra og vurdere aktivitetar i forhold til ulike miljø, årstider og samisk kultur 

  • gjennomføre enkle eksperiment og leik for å stimulere til undring og utforsking av naturen sitt mangfald, naturfenomen og kvardagsteknologi 

  • reflektere kring moglegheiter i nærmiljøet og nytte naturen som ein arena for leik, undring, utforsking og læring 

  • utføre førstehjelp og hjarte- og lungeredning (HLR) 

Learning outcome qualification

 

Studenten skal kunne: 

  • gjere vurderingar kring tiltak som ivaretek eiga og barns helse og sikkerheit i barnehagen, og vurdere moglegheitene i nærmiljøet for rørsle gjennom leik og naturfagleg utforsking saman med barn 

  • treffe slutningar om kva rolle mat og måltidsgjennomføring har i barnehagen 

  • gjennomføre ein praksis som fremjar livsmeistring, folkehelse og berekraftig utvikling 

Working and learning activities

Undervisninga i kunnskapsområdet er i stor grad praktisk retta der studentane er aktive og undersøkjande. Vi nyttar varierte undervisnings- og arbeidsformer som tilhøyrer faga i emnet. Undervisninga vil variere mellom førelesningar, seminar, prosjektarbeid, gruppe- og individuelt arbeid, ekskursjonar, praktisk arbeid på kjøkken, aktivitetar i nærmiljø,  på banar og i sal.

I samband med temaarbeidet «Barn og snø» skal vi til snøsikkert område.Studentane må ha skiutstyr. I tilfelle lite snø vil det bli gjennomført alternativt opplegg.

Didaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i deler av emnet sine arbeidskrav. BLUNHR inneheld rettleia praksis i barnehage. Sjå nærare informasjon i praksishefte del II.

Ein nyttar i hovudsak Canvas til innleveringar og kommunikasjon mellom studentar og faglærarar.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte og aktiv deltaking i BLUNHR: Krav til frammøte er slik det går fram av høgskulen sitt frammøtereglement forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3. om frammøte/deltaking i undervisninga.

 

Arbeidskrav:

  • Godkjent individuell test av artskunnskap
  • Godkjent arbeidskrav etter praksis med tema frå mat og helse
  • Godkjent innlevering og seminarpresentasjon i grupper om ein naturfagleg aktivitet i barnehagen
  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) i mindre grupper, der studentane skal planlegge, legge til rette og leie/gjennomføre aktivitetar i nærmiljøet eller sal for og med ei gruppe barn og/eller medstudentar
Evaluation system
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Carlos Magnusson
Expenses

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 150,- til innkjøp av fellesmateriale, mat og utstyr. I tillegg må studentane rekne utgifter til transport, mat og personleg utstyr i samband med ekskursjonar.

Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Kortsvarsoppgaver.
Alle
Home exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Langsvarsoppgaver.
Alle
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
Pass / fail
Gjennomføring og godkjenning av deltaking på vinterkurset "Barn og snø". Vurderingsgrunnlag: aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
Pass / fail
Gjennomføring og godkjenning av førstehjelpskurs med HLR - hjerte, lungeredning. Vurderingsgrunnlag: 100% aktiv deltaking på kurset.
Approval signature: 
Arne Myklebust