Semesters

BLUNHR-D Natur, helse og rørsle

Course code: 
BLUNHR-D
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
20
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Autumn
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
BLUPRA1-D Practice/Pre-School Teacher Education 1, 25 days
Required prerequisite knowledge

BLUPRA1-D 

Course content

Emnet skal gi studentane kunnskap og ferdigheiter i å leggje til rette for utforskande aktivitetar med barn i naturen, korleis drive førebyggjande helsearbeid, korleis planleggje og lage sunne måltid, samt korleis ein kan dekke borna sitt behov for omsorg, fysisk aktivitet, meistring og rørsleglede. Emne vil dekke sentrale tema som omhandlar livsmeistring, helse og berekraftig utvikling.   

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

 

Studenten skal:

  • ha kunnskap om dei nasjonale kostråda og retningslinjene for mat og måltid i barnehagen 

  • ha kunnskap om kosthald og ernæring blant norske barnehagebarn, samt om matintoleranse, allergi, astma og inneklima 

  • ha innsikt i naturvitskaplege fenomen, biologisk mangfald, økologi, miljøproblem og berekraftig utvikling 

  • ha didaktisk kunnskap om korleis legge til rette for leik, læring og utforskning 

  • kunne vurdere betydninga av kroppsleg leik og korleis barn gjennom kropp, sansar og varierte læringsmiljø lærer om verda og forstår seg sjølve 

  • kunne forklare koordinative og fysiske eigenskapar og relatere utviklinga av desse til menneskekroppens oppbygning og funksjon, og fysisk og motorisk utvikling  

Learning outcome skills

Studenten skal:

  • kunne reflektere over eigne verdiar og haldningar til mat og helse og vurdere myter og fakta om kosthald, og stimulere til ein sunn profil i barnehagen 

  • kunne reflektere over korleis praktisk arbeid på kjøkkenet kan vere med på å påverke arbeidet med mat og måltid i barnehagen for å fremje måltidsglede, smaksutvikling, deltaking, samtalar, fellesskapskjensle og innsikt i matens veg frå jord til bord 

  • kunne kartlegge korleis ein kan endre mat og måltidsvanar i barnehagen 

  • kunne namnsette eit utval av vanlege planter, småkryp og dyr 

  • kunne observere, planlegge, gjennomføra og vurdere aktivitetar i forhold til ulike miljø, årstider og samisk kultur 

  • kunne gjennomføre enkle eksperiment og leik for å stimulere til undring og utforsking av naturen sitt mangfald, naturfenomen og kvardagsteknologi 

  • kunne reflektere kring moglegheiter i nærmiljøet og nytte naturen som ein arena for leik, undring, utforsking og læring 

  • kunne utføre førstehjelp og hjarte- og lungeredning (HLR) 

Learning outcome qualification

Studenten skal:

  • kunne gjere vurderingar kring tiltak som ivaretek eiga og barns helse og sikkerheit i barnehagen, og vurdere moglegheitene i nærmiljøet for rørsle gjennom leik og naturfagleg utforsking saman med barn 

  • kunne treffe slutningar om kva rolle mat og måltidsgjennomføring har i barnehagen 

  • kunne gjennomføre ein praksis som fremjar livsmeistring, folkehelse og berekraftig utvikling 

Working and learning activities

Undervisninga i kunnskapsområdet er i stor grad praktisk retta. Undervisninga vil variere mellom førelesingar, seminar, prosjektarbeid, gruppe- og individuelt arbeid, ekskursjonar, praktisk arbeid på kjøkken, aktivitetar i nærmiljø,  på banar og i sal. Undervisning er samlingsbasert og digital.

I samband med temaarbeidet «Barn og snø» skal vi til snø-sikkert område.Studentane må ha skiutstyr. I tilfelle lite snø vil det bli gjennomført alternativt opplegg.

Didaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i deler av emnet sine arbeidskrav. BLUNHR inneheld rettleia praksis i barnehage. Sjå nærare informasjon i praksishefte del II.

Ein nyttar i hovudsak Canvas til innleveringar og kommunikasjon.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte og aktiv deltaking i BLUNHR: Krav til frammøte er slik det går fram av høgskulen sitt frammøtereglement forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3. om frammøte/deltaking i undervisninga.

 

Arbeidskrav:

  • Godkjent to digitale artsprøver
  • Godkjent arbeidskrav etter praksis med tema frå mat og helse
  • Godkjent innlevering og seminarpresentasjon i grupper om ein naturfagleg aktivitet
  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) i mindre grupper
Evaluation system
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Jan Håkon Vikane
Expenses

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 150,- til innkjøp av fellesmateriale, mat og utstyr. I tillegg må studentane rekne utgifter til transport, mat og utstyr/ingrediensar i samband med ekskursjonar og arbeidskrav.

Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Group
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Studentane skal i mindre gruppe ut i frå ei gitt oppgåve planleggje og demonstrere eit praktisk metodisk opplegg for born i nærmiljøet eller i sal. Ved ny/utsett eksamen skal kandidaten framstille seg individuelt, men etter same opplegg som ved ordinær gruppeeksamen.
Ingen
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Begge kursa, praktisk metodisk opplegg og skriftleg eksamen må vere bestått for å få samla karakter.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
Pass / fail
Gjennomføring og godkjenning av deltaking på vinterkurset "Barn og snø". Vurderingsgrunnlag: aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
Pass / fail
Gjennomføring og godkjenning av førstehjelpskurs med HLR - hjerte, lungeredning. Vurderingsgrunnlag: 100% aktiv deltaking på kurset.
Approval signature: 
Arne Myklebust