Semesters

BLUNHR-D Natur, Helse og Rørsle

Course code: 
BLUNHR-D
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
20
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet består av fagområda natur, helse og rørsle.Kunnskapsområdet skal gi studentane grunnlag for å kunne ta med barn ut i naturen, drive førebyggjande helsearbeid i barnehagen, planleggje og lage sunne måltid, samt dekke barns behov for omsorg og fysisk aktivitet. Barn er kroppslege i sin veremåte, og det er mellom anna gjennom kropp og rørsle barn blir kjende med seg sjølve og verda rundt. Gjennom studiet skal studentane lære om plantar og dyr i nærområdet og om korleis ein kan leggje til rette for naturstudiar og leikprega aktivitetar med og i naturen til alle årstider. Ved å ha eit aktivt friluftsliv i barnehagen der naturkunnskap og rørsleerfaring står i fokus, vil ein leggje eit grunnlag for at barna skal kunne lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Emnet inneheld fylgjande tema:forskarfrø, miljø og berekraftig utvikling, born i naturen, turplanlegging, biologisk mangfald og økologi, årstider, vær og klima, verdsrommet, fysikkleikar, artskunnskapar, spor og sporteikn, natursti, friluftsliv  kroppsleg vekst og motorisk utvikling, uteleikar i ulike rørslemiljø, «Barn og snø», aktivitetar i sal, dans, vasstilvenning, førstehjelp, førebyggjande helsearbeid, hygiene, sunt kosthold og matlaging både inne og ute.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • kroppsleg leik og korleis barn gjennom kropp og sansar lærer om verda og forstår seg sjølv
  • korleis barn lærer i samspel med varierte læringsmiljø og korleis ein kan initiere og støtte opp om barn sine læringsprosessar
  • naturen: økologi, økosystem, artskunnskap, vêrfenomen og endringar i naturen gjennom årstidene
  • korleis leggje til rette for naturstudiar, friluftsliv og leikprega aktivitetar med og i naturen til ulike årstider 
  • fysiske fenomen-fysikkforsøk i barnehagen, lokale og globale miljøtema, biologisk mangfald, berekraftig utvikling og mennesket som del av heilskapen
  • korleis menneskekroppen er bygd opp og korleis den fungerer
  • grunnleggjande fyrstehjelp, fysisk aktivitet, helse, kosthald, ernæring og hygiene
  • korleis ein kan stimulere den fysiske og motoriske utviklinga, slik at borna kan oppleve rørsleglede, meistring og styrkja sjølvbilete
  • mangfaldet i barnehagen
Learning outcome skills

Studenten kan:

  • utforske naturen og eksperimentere med fenomen i den fysiske verda og med kvardagsteknologi saman med barn
  • bruke lokale naturressursar i praktisk arbeid med barn
  • reflektere over og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv i arbeidet med natur, helse og rørsle
  • planleggje, leie/gjennomføre og vurdere behov for fysisk aktivitet, kvile, varierte måltid og god hygiene for barn i barnehagen
  • legge til rette for mangfoldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring
  • vurdere risiko i leikemiljø og leggje til rette for barns risikomeistring, både på barnehagens område og på turar utanfor barnehagens område 
  • kunne utføre førstehjelp og HLR - hjerte, lungeredning
Learning outcome qualification

Studenten har generell kompetanse i:

  • å vere aktiv, medverkande og inspirerande rollemodell saman med barn i deira rørsleleik og naturopplevingar
  • å gje barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringar på problemstillingar, og til å delta i samtalar om det dei har erfart og opplevd
  • å bruke kunnskapar om menneskekroppen, kosthald, fysisk aktivitet og hygiene som førebyggjande og helsefremjande faktor i barnehagen
  • å leggje til rette for at barn utviklar eit bevisst forhold til retten til å bestemme over eigen kropp og respekt for andre sine grenser
  • å analysere og kritisk reflektere over korleis kjønn, likestilling, likeverd og kulturelt mangfald blir ivaretatt gjennom barnehagens rutinar
  • å orientere seg i nærmiljøet og bruke moglegheitene til naturfagleg utforsking saman med barna, samt legge til rette for rørsle gjennom leik
  • å ta vare på eiga helse i arbeidet i barnehagen
  • å utarbeide gode rutinar for helse, miljø og tryggleik i barnehagen
  • å analysere og kritisk reflektere over forsking i kunnskapsområdet/fagfeltet samt  nødvendigheita av å kjenne til ny forsking
Working and learning activities

Undervisninga i kunnskapsområdet er i stor grad praktisk retta der studentane er aktive og undersøkjande. Vi nyttar varierte undervisnings- og arbeidsformer som tilhøyrer faga i emnet. Undervisninga vil variere mellom førelesningar, seminar, prosjektarbeid, gruppe- og individuelt arbeid, ekskursjonar, praktisk arbeid på kjøkken, aktivitetar i nærmiljø,  på banar, i symjehall og i sal.

I samband med temaarbeidet «Barn og snø» skal vi til snøsikkert område.Studentane må ha skiutstyr. I tilfelle lite snø vil det bli gjennomført alternativt opplegg.

Didaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i deler av emnet sine arbeidskrav. NHR inneheld rettleia praksis i barnehage. Sjå nærare informasjon i emneplan for praksis.

Ein nyttar i hovudsak Canvas til innleveringar og kommunikasjon mellom studentar og faglærarar.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte og aktiv deltaking i BLUNHR: Krav til frammøte er slik det går fram av høgskulen sitt frammøtereglement forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3. om frammøte/deltaking i undervisninga.

I kurset vasstilvenning vert det stilt krav om å vere aktivt deltakande i 2 av 3 økter. For å kunne avvike frå dette kravet må studenten leggje fram legeattest som syner at han/ho ikkje kan ta aktivt del i bassengaktivitetar, studenten vil då få merknad i vitnemålet. Det vert gitt tilbod om ei praktisk prøve i livberging i vatn.

Arbeidskrav:

  • Godkjent individuell test av artskunnskap
  • Godkjent arbeidskrav etter praksis med tema frå mat og helse
  • Godkjent innlevering og seminarpresentasjon i grupper om ein naturfagleg aktivitet i barnehagen
  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) i mindre grupper, der studentane skal planlegge, legge til rette og leie/gjennomføre aktivitetar i nærmiljøet eller sal for og med ei gruppe barn og/eller medstudentar
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Jan Håkon Vikane
Expenses

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 150,- til innkjøp av fellesmateriale, mat og utstyr. I tillegg må studentane rekne utgifter til transport, mat og personleg utstyr i samband med ekskursjonar.

Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Group
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Studentane skal i mindre gruppe ut i frå ei gitt oppgåve planleggje og demonstrere eit praktisk metodisk opplegg for born i nærmiljøet eller i sal. Dei skal grunngi alle val og kunne svare på spørsmål frå pensum. Etter ei total vurdering vert det gitt individuell karakter, der det vil bli lagt vekt på didaktiske ferdigheiter og teoretisk kunnskap.

Ved ny/utsett eksamen skal kandidaten framstille seg individuelt, men etter same opplegg som ved ordinær gruppeeksamen.
Ingen
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Ingen
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
Pass / fail
Gjennomføring og godkjenning av deltaking på vinterkurset "Barn og snø". Vurderingsgrunnlag: aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
Pass / fail
Gjennomføring og godkjenning av førstehjelpskurs med HLR - hjerte, lungeredning. Vurderingsgrunnlag: 100% aktiv deltaking på kurset.
Approval signature: 
Anne Øie