Semesters

BLUPRA2-D Praksis 2. årssteg, 30 dagar.

Course code: 
BLUPRA2-D
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Required prerequisite knowledge

Stått på BLUPRA1-D

Course content

Praksis er ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarutdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 2. studieår deltid er samordna med emneplanane for kunnskapsområda lagt til 2. studieår deltid: Barns utvikling, leik og læring II (BLUBULL II-D), Kunst, kultur og kreativitet (BLUKKK-D) og Natur, helse og rørsle (BLUNHR-D).Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda i 2. årssteg deltid, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert. Praksisopplæringa 2. studieår deltid omfattar 30 dagar praksis.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har 

  • kunnskap om barnehagen sine fagområde
  • kunnskap om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid i barnegruppa 
  • kunnskap om foreldresamarbeid
  • innsikt i korleis kunst og kultur bidreg til barn sine ulike opplevingar og uttrykksformer, læring og danning.
  • kunnskap om mat og helse i barnehagen
  • kunnskap om barn si språkutvikling
Learning outcome skills

Studenten kan

  • utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskilt barn
  • leie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagiske aktivitetar og leiardagar
  • fremje kreative prosessar og skape estetiske opplevingar for alle barn
  • framstå som ein medviten rolle- og språkmodell for barn i samarbeid med personalet og føresette
  • legge til rette for godt kosthald i barnehagen og ta utgangspunkt i måltidets pedagogiske funksjon
Learning outcome qualification

Studenten 

  • skal kunne kommunisere og drøfte fagleg-pedagogiske problemstillingar med personalet.
  • kan i didaktisk arbeid og faglege refleksjonar knytte teori til erfaringar frå praksis
  • skal kunne å leie personalet og samarbeide med føresette 
  • har ei medviten haldning til og evne til innleving i barna sine ulike estetiske utrykksformer
  • skal kunne forstå barnehagelæraren si tyding som medskapar, deltakar og rollemodell i barna si utforsking og i deira uttrykk 

 

Working and learning activities

Praksisopplæringa 2. studieår omfattar 30 dagar. Som ein del av førebuinga til praksis er det krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.

Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis.

Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. Praksis i 2. studiår skal ha vekt på språkutvikling, og korleis estetiske opplevingar og arbeid med mat og helse kan vere ein ressurs i pedagogisk arbeid i barnehagen. 

I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonsidentitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort. 

Vi viser til Praksishefte for Barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

 

 

 

 

Assessment requirements
  • Studenten skal skape felles estetiske oppplevingar.
  • Studenten skal planleggje, leie, gjennomføre og vurdere pedagogiske måltidsaktivitetar.
  • Studenten skal observere barna si språkutvikling.
  • Studenten skal planleggje, gjennomføre og evaluere leiardagar.
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Elisabeth Welle
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
Pass / fail
I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag. Midtvegs i praksis skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg midtvegsvurdering. Til slutt i praksis skal student motta ei skriftleg sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren «Stått» i praksis. I tillegg kan ikkje samla fråvær for praksis overstige 10%.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i praksis: Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode før utgangen av studieåret etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ”Ikkje stått”, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.

Studentar som syner manglar i forhold til å meistre yrket, må så tidleg som mogleg få vite korleis dei står i forhold til krava til skikkavurdering. Jmf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høgreutdanning § 3: Lovdata - Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning

Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i Praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.