Semesters
BLUPRA2-D Praksis 2. årssteg, 30 dagar.
Praksis er ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarutdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 2. studieår deltid er samordna med emneplanane for kunnskapsområda lagt til 2. studieår deltid. Desse er: Kunst, kultur og kreativitet (BLUKKK-D) og Natur, helse og rørsle (BLUNHR-D). Studentane skal oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei utviklar kunnskapane og ferdigheitene sine fram til yrket som barnehagelærar. Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleidd og vurdert, og bidra til kontinuitet, samanheng og progresjon.
Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til heilskapen i læringa for barna i barnehagen, dei skal ta omsyn til det barnegruppa har arbeidd med før praksis når dei skal planlegge og gjennomføre sine aktivitetar.
I praksis 2. studieår skal ein ha fokus på barn og estetiske opplevingar, leiing av barne- og personalgrupper og mat og helse i barnehagen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- foreldresamarbeid
- kunnskap om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid i barnegruppa
- kreative prosessar og om å tilrettelegge for estetiske opplevingar for alle barn
- kunnskap om mat og helse i barnehagen
Studenten kan:
- utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskilt barn
- vise at han har oversikt over over barnegruppa
- vise at han har oversikt over barnehagen sin struktur
- leie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagiske aktivitetar og leiardagar
- ta omsyn til barns ulike bakgrunn og føresetnader
- legge til rette for godt kosthald i barnehagen og ta utgangspunkt i måltidets pedagogiske funksjon
- kan bruke IKT som pedagogisk verktøy i dokumentasjonsarbeidet
Studenten:
- kan i didaktisk arbeid og faglege refleksjonar knytte teori til erfaringar frå praksis
- kan skape gode relasjonar til dei føresette
- har fått ei god innsikt i kva det vil seie å utvikle ein profesjonell identitet og ha gode profesjonsetiske haldningar, og kan kritisk vurdere eigen pedagogisk leiing og praksis
Praksisopplæringa 2. studieår-deltid omfattar 30 dagar. Som ein del av førebuinga til praksis er det krav om at studenten skal møte på generell praksisførebuing og praksisførebuande møte.
I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile andre studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege tilbakemeldingar og vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at det går føre seg rettleiiande samtalar i det daglege arbeidet mellom praksislærar og student.
Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. Praksis i 2. studiår skal ha vekt på korleis tilrettelegging av estetiske opplevingar og arbeid med mat og helse kan vere ein ressurs i pedagogisk arbeid i barnehagen.
I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonell identiet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort. Studenten skal gjere oppsummering/konklusjon med framovermelding frå praksis året før kjent for praksislærar i forventingssamtalen.
Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.
Frammøtekrav:
Det er krav om 30 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.
Arbeidskrav:
Det kan forekomme at dei praktiske arbeidskrava vil ha innhald frå meir enn eit av Kunnskapområda.
- Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUKKK-D
- Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUNHR-D
- Som arbeidskrav skal studenten planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten tilbakemeldingar og ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Midtvegs skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegsvurdering. Til slutt i praksis skal studenten motta ei skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Praksislærar skal gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom studenten viser manglar. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte vere stetta.
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Dersom ein student får karakteren ikkje stått i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten ikkje stått også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.
- Early Childhood Education - bachelor (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | Pass / fail | Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. |