Semesters

BLUPRA2-D Praksis 2. årssteg, 30 dagar

Course code: 
BLUPRA2-D
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
*
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Autumn
Assessment semester: 
2023 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
BLUPRA1-D Practice/Pre-School Teacher Education 1, 25 days
Course content

Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 2. studieår deltid er samordna med emneplanane for kunnskapsområda lagt til 2. studieår deltid. Desse er Kunst, kultur og kreativitet (BLUKKK-D) og Natur, helse og rørsle (BLUNHR-D).

I praksis andre studieår skal ein ha fokus på barn og estetiske opplevingar, mat og helse og leiing av barne- og personalgrupper.

Praksis skal vere rettleidd, variert og vurdert.

Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda, skal utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet.

I praksis andre studieåret skal studenten vise utvikling og progresjon. Frå å være student mot å bli ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse. Studenten skal øve seg på å ha oversikt, og kunne leie både ei barnegruppe og ei personalgruppe. Studenten vil kjenne igjen strukturar frå den første praksisbarnehagen, men vil også sjå at det er forskjellar på struktur og organisering i dei ulike barnehagane. Studenten skal særleg utvikle seg som personalleiar i andre studieår, og skal kunne leie personalet gjennom pedagogiske aktivitetar og leiardagar. Den didaktiske tenkinga er meir avansert og studenten skal trenge mindre støtte i arbeidet med planlegging av pedagogiske aktivitetar og leiardagar. Ein viktig del av yrket som barnehagelærar er foreldresamarbeid, og studente skal progresjon frå året før i arbeidet med å skape gode relasjonar til dei føresette.

Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til heilskapen i læringa for barna i barnehagen, og studentane skal ta omsyn til det barnegruppa har arbeidd med før praksis når dei skal planlegge og gjennomføre sine aktivitetar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • samarbeid med føresette
  • leiing av barn og personalet
  • kreative prosessar og tilrettelegging av estetiske opplevingar for alle barn
  • mat og helse i barnehagen
Learning outcome skills

Studenten kan: 

  • utvikle gode relasjonar til alle barn, som ber preg av omsorg, innleving og anerkjenning av kvart einskilt barn
  • vise at han har oversikt over over barnegruppa
  • vise at han har oversikt over barnehagen sin struktur
  • leie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagiske aktivitetar og leiardagar
  • ta omsyn til barns ulike bakgrunn og føresetnader
  • legge til rette for godt kosthald i barnehagen og ta utgangspunkt i måltidets pedagogiske funksjon
  • bruke digitale verktøy i dokumentasjonsarbeid
Learning outcome qualification

Studenten: 

  • kan knytte teori til erfaringar frå praksis i didaktisk arbeid og faglege refleksjonar
  • viser at han har relasjonskompetanse til barn, tilsette og føresette 
  • har god innsikt i kva det vil seie å utvikle ein profesjonell identitet og gode profesjonsetiske haldningar, og kritisk vurdere eigen pedagogisk leiing og praksis
Working and learning activities

Praksisopplæringa 2. studieår deltid omfattar 30 dagar. Som ein del av førebuinga til praksis skal studenten delta på generell praksisførebuing og praksisførebuande møte.

I samråd med styrar i praksisbarnehagane og praksiskoordinator ved høgskulen får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile andre studieår. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden, og skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi studenten munnlege og skriftlege tilbakemeldingar og vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at praksislærar har rettleiande samtalar med studenten i det daglege arbeidet.

Praksis i 2. studiår skal ha vekt på korleis tilrettelegging av estetiske opplevingar og arbeid med mat og helse kan vere ein ressurs i pedagogisk arbeid i barnehagen. Student og praksislærar skal i rettleiing sikre seg at studenten har forstått innhaldet i dei didaktiske kategoriane overordna mål, mål, rammefaktorar, innhald og arbeidsmåte. Studenten skal i tillegg ta omsyn til dei andre didaktiske kategoriane og korleis dei påverkar kvarandre. Studenten skal arbeide for å skaffe seg god oversikt over barnehagen sin organisering og struktur.  

Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, føresette og personale. Studenten skal vise utvikling i foreldresamarbeidet, og bygge relasjonar med dei. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over barnehagelæraryrket og profesjonell identiet. All dokumentasjon av praksis skjer gjennom rettleiings- og dokumentasjonsverktøyet MOSO (Mentoring and Observation Software). Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort. Studenten skal gjere oppsummering/konklusjon med framovermelding frå praksis året før kjent for praksislærar i forventingssamtalen.

Vi viser til emnet i Canvas for meir informasjon.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er krav om 30 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Arbeidskrav:

  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUKKK-D
  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUNHR-D
  • Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten tilbakemeldingar og ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Midtvegs skal studenten i tillegg motta ei skriftleg undervegsvurdering. Til slutt i praksis skal studenten motta ei skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal involverast i vurderinga. Praksislærar skal gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar så tidleg som mogeleg dersom studenten viser manglar etter Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 30 dagar frammøte vere stetta.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis:

  • Studenten skal motta skjema 1, varsel om fare for ikkje stått i praksis, før karakteren kan setjast til ikkje stått.
  • Ein student som får ikkje stått i praksis får høve til å gjennomføre eitt nytt praksisforsøk. Studenten får i ny praksisperiode rettleiing av ein ny praksislærar på det området studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten skal forbetre. 
  • Ein student som har karakteren ikkje stått på andre praksisforsøk, får ikkje flytte opp i neste studieår og må avbryte studiet. 
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Hanne Elin Harnes
Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
Pass / fail
Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Vi viser til emnet i Canvas for meir informasjon.
Approval signature: 
Arne Myklebust