Semesters
BLUPRA2-D Praksis 2. årssteg, 30 dagar.
Stått på BLUPRA1-D
Praksis er ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarutdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 2. studieår deltid er samordna med emneplanane for kunnskapsområda lagt til 2. studieår deltid: Kunst, kultur og kreativitet (BLUKKK-D) og Natur, helse og rørsle (BLUNHR-D). Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda i 2. årssteg deltid, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert. Praksisopplæringa 2. studieår deltid omfattar 30 dagar praksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- kunnskap om barnehagen sine fagområde
- kunnskap om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid i barnegruppa
- kunnskap om foreldresamarbeid
- kreative prosessar og om å tilrettelegge for estetiske opplevingar for alle barn
- kunnskap om mat og helse i barnehagen
Studenten skal kunne:
- utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskilt barn
- leie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagiske aktivitetar og leiardagar
- framstå som ein medviten rolle- og språkmodell for barn i samarbeid med personalet og føresette
- legge til rette for godt kosthald i barnehagen og ta utgangspunkt i måltidets pedagogiske funksjon
Studenten:
- kan i didaktisk arbeid og faglege refleksjonar knytte teori til erfaringar frå praksis
- skal kunne å leie personalet og samarbeide med føresette
- har ei medviten haldning til og evne til innleving i barna sine ulike estetiske utrykksformer
- skal kunne forstå barnehagelæraren si tyding som medskapar, deltakar og rollemodell i barna si utforsking og i deira uttrykk
Praksisopplæringa 2. studieår omfattar 30 dagar. Som ein del av førebuinga til praksis er det krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.
Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege tilbakemeldingar og vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis.
Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. Praksis i 2. studiår skal ha vekt på korleis tilrettelegging av estetiske opplevingar og arbeid med mat og helse kan vere ein ressurs i pedagogisk arbeid i barnehagen.
I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonsidentitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar mellom partane vert klargjort.
Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.
Frammøtekrav:
Det er krav om 30 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.
Arbeidskrav:
Det kan forekomme at det praktiske arbeidet vil ha innhald frå meir enn eit av Kunnskapområda.
- Studenten skal gjennomføre praktisk arbeid i tilknyting til emne BLUKKK-D
- Studenten skal gjennomføre praktisk arbeid i tilknyting til emne BLUNHR-D
- Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrit om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten tilbakemeldingar og ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Midtvegs skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegsvurdering. Til slutt i praksis skal studenten motta ei skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte/deltaking vere stetta.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Early Childhood Education - bachelor (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | Pass / fail | Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. |