Semesters

BLUSRLE Samfunn, religion, livssyn og etikk

Course code: 
BLUSRLE
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
20
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Autumn
2026 Spring
Assessment semester: 
2026 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Kunnskapsområdet rettar merksemda mot barnehagen sitt samfunnsmandat og verdigrunnlag i eit samfunn prega av mangfald. Moglegheiter og utfordringar knytt til møte mellom menneske med ulik bakgrunn, som fleirkulturalitet, religion, livssyn og etikk, er aktuelle i barnehagen. Kunnskapsområdet skal utdanne studentane til å møte desse utfordringane ved å sette i gang individuelle danningsprosessar til barnehagelærarprofesjonen.

Verdiane i formålsparagrafen ligg til grunn for alt arbeid i barnehagen. Desse verdiane skal også støtte barnehagens rolle i samfunnet. Det krev at barnehagepersonalet har kunnskap om og respekt for ulike kulturar, religionar og livssyn. Verdiane i barnehagelova og rammeplanen skal aktualiserast i kunnskapsområdet.

Kunnskapsområdet byggjer i hovudsak på faga samfunnsfag, religion, livssyn, etikk og pedagogikk. Undervisninga skal bruke relevant forsking frå kunnskapsområdet og tydeleggjere ei barnehagepedagogisk og fagdidaktisk tilnærming. Praksis inngår som ein integrert del av emnet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om 

  • verdigrunnlaget til barnehagen og kva dette inneber i praksis i det norske, fleirkulturelle samfunnet samt kunnskap om samiske kulturar og samar sine rettar som urfolk
  • samfunnsutvikling med vekt på mangfald, inkludering, demokrati, velferdsstaten og sosial utjamning
  • barndom, barnehage og familie i eit historisk, notidig og framtidig perspektiv
  • barn sine dannings- og sosialiseringsprosessar, samt barns reaksjonar i vanskelege livssituasjonar
  • dei store verdsreligionane og ulike livssyn, med særskilt fokus på religiøse høgtider og møte med religiøs praksis
  • den fleirkulturelle barnehagen med eit ressursperspektiv på mangfald 
  • etisk teori og kritisk refleksjon med særskilt omsyn til aktuelle utfordringar i barnehagen, digitale utfordringar og bærekraftig utvikling
  • aktuelle lover og forskrifter som regulerer barnehagedrifta
Learning outcome skills

Studenten kan: 

  • praktisere, formidle og grunngi innhaldet i barnehagen sitt samfunnsmandat og verdigrunnlag både munnleg, skriftleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • reflektere over eigne verdiar, haldningar og veremåtar  
  • samtale med barn om etiske, religiøse, filosofiske og livssynsmessige spørsmål
  • formidle forteljingar frå ulike religionar og i samarbeid med heimen legge til rette for markering av høgtider og merkedagar
  • legge til rette for barn sin medverknad og stimulere til demokratiforståing og demokratisk praksis 
  • gi barna opplevingar knytt til tradisjonar og læringsmoglegheiter i samfunnet som omgir barnehagen
Learning outcome qualification

Studenten:

  • har kompetanse i å arbeide tverrfagleg og profesjonelt i barnehagen
  • har kompetanse i å identifisere profesjonsetiske utfordringar i barnehagen sitt kvardagsliv, reflektere kritisk over desse og grunngi eigne handlingsval
  • har kompetanse i å samarbeide med barn og føresette med sikte på å skape ein inkluderande fellesskap
  • har kompetanse i å sjå samanhengar mellom individ, gruppe og samfunn og relatere desse samanhengane til praksis
Working and learning activities

Undervisninga i dette emnet går over to semester. Arbeidsmåtane er forelesing, seminar og gruppearbeid, både fysisk og digitalt; skriving av profesjonstekstar; rettleiing individuelt og i gruppe, også medstudentrettleiing; praktisk arbeid og formidling av erfaringslæring.  

Fagdidaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i emnet sine arbeidskrav. Dette skal sikre at dei kunnskapsbaserte læringsutbytta kan visast att i praksis som ferdigheiter for den profesjonelle barnehagelæraren. Emnet inneheld rettleia praksis i barnehage. Sjå meir informasjon om praksis i emneplan for praksis, BLUPRA1. Studenterfaringane frå praksis vert teke inn i undervisninga og studentane sine arbeidskrav.

 

Assessment requirements

Frammøte til undervisning og studentseminar er obligatorisk, jf. forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-6. 

For å kunne gå opp til eksamen skal studenten ha fått godkjent følgjande arbeidskrav i emnet: 

  • I gruppe og/eller individuelt levere og få godkjend 3 arbeidsoppgåver som vert delt ut gjennom semesteret.  

Oppgåvene er prosessorienterte og bygg på individuelt arbeid og samarbeid i grupper. Det kan omfatte samskriving, medstudentrettleiing, levering av læringslogg (evnt. refleksjonsnotat) og evaluering av oppgåva (innhald og prosess). Meir informasjon om innhald om formkrav kjem i Canvas ved semesterstart. 

 

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Hilde Muren
Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
2 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Prosessoppgåve: Ein av tekstane levert som arbeidskrav skal vidareutviklast til ei individuell levering.
Alle
1000 ord +/- 10%
Approval signature: 
Arne Myklebust