Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
BLUSRLE Samfunn, religion, livssyn og etikk
Ingen
Kunnskapsområdet rettar særleg merksemda mot barnehagen sitt samfunnsmandat og særskilde verdigrunnlag i eit samfunn prega av mangfald. Religiøse og etiske problemstillingar er svært aktuelle i barnehagen, og kunnskapsområdet må utdanne studentane til å møte desse utfordringane. I kunnskapsområdet er igangsetjing av studentane sine individuelle danningsprosessar vesentlege, også danning mot barnehagelærarprofesjonen.
Skal ein oppfylle dei overordna målformuleringane, må barnehagepersonalet ha kunnskap om og respekt for ulike religionar og kulturar. Verdiane i vår kristne og humanistiske arv, som er forankra i menneskerettane, skal såleis aktualiserast i dette kunnskapsområdet.
Verdiane i formålsparagrafen i barnehagen har eit breitt grunnlag i samfunnet og skal leggjast til grunn for alt arbeid i barnehagen. Desse verdiane skal også støtte den førebyggjande funksjonen barnehagen har i samfunnet.
Kunnskapsområdet skal gi innsikt i det fleirkulturelle samfunnet som omgir barnehagen, barnehagens plass i samfunnet, barnehagen som organisasjon og som pedagogisk verksemd. Med utgangspunkt i barnehagen sitt arbeid for aktiv deltaking i eit demokratisk samfunn, utgjer forståing av forholdet mellom individ og samfunn, politiske strukturar, internasjonale konvensjonar, lovverk, mangfald og likestilling grunnleggjande tyngdepunkt. Sentrale tema i kunnskapsområdet er barn sine oppvekstvilkår og deira stilling i samfunnet, kunnskap om ulike religionar og livssyn, kunnskap om ulike etiske problemstillingar, familiestrukturar, sosial ulikskap og barnet sine rettar, samt barnehagelæraren sine oppgåver og ansvar i møte med barn i vanskelege livssituasjonar.
Kunnskapsområdet fokuserer på samfunnskunnskap og etikk, ulike religiøse og ikkje-religiøse livssyn og kulturen sine forteljingar og tradisjonar. Kunnskap om og haldningar til ulike religionar, livssyn og samfunn dannar eit viktig grunnlag for identitetsdanning og for å kunne forstå og møte menneske frå ulike kulturar. Kunnskapsområdet skal gi kjennskap til samane si historie som urfolk, og til delar av samisk kultur og kvardagsliv.
Etisk og filosofisk grunnlagstenking med innsikt i ulike menneskesyn og verkelegheitsoppfatningar skal fremje kritisk og etisk refleksjon knytta til praksis, særleg med omsyn til barnehagelæraren sin veremåte i møte med barn, føresette og personalet.
Kunnskapsbasen byggjer i hovudsak på lærarutdanningsfaga samfunnsfag, religion, livssyn og etikk og pedagogikk. Undervisninga skal tydeleggjere ei barnehagepedagogisk tilnærming og fagdidaktisk forsking knytta til kunnskapsområdet, der praksis inngår som ein integrert del.
-
Studenten
- har kunnskap om det særskilde verdigrunnlaget til barnehagen og kva dette i praksis inneber i eit fleirkulturelt samfunn, og kunnskap om samiske barn sine kulturar og rettar.
- har kunnskap om barnehagen som organisasjon og som pedagogisk verksemd
- har kunnskap om barnehagen som samfunnsinstitusjon, om samfunnsutvikling med vekt på velferdsstaten, mangfald, likeverd, likestilling og sosial ulikskap, og har kunnskap om barndom, barnehage og familie i historisk, notidig og framtidig perspektiv
- har kunnskap om barn sine reaksjonar og vaksne sitt ansvar for barn i vanskelige livssituasjonar, og kunnskap om korleis ein kan støtte barn og samarbeide med andre hjelpeinstansar
- har kunnskap om kristen tru og kulturarv, om dei andre verdsreligionane, andre livssyn og filosofi, samt etisk grunnlagstenking slik ho kjem fram gjennom formålsparagrafen, etisk teori og etiske rettleiing
- har kunnskap om barn sine rettar, internasjonale konvensjonar og lover og forskrifter som regulerer barnehagedrifta og barnehagelærarprofesjonen
- har kunnskap om barnet sine rettar til medverknad, det vil seie barnet sine rettar til å kunne påverke sin eigen kvardag og barnehagen sitt fellesliv
- har kunnskap om barnehagelæraren som profesjonell aktør
Studenten
- kan grunngje, formidle og praktisere barnehagen sitt samfunnsmandat og verdigrunnlag
- kan samarbeide med og leie barn og personale med ulik bakgrunn og gi etisk rettleiing
- kan reflektere kritisk over eigne verdiar, haldningar og veremåtar og handle i tråd med barnehagen sin formålsparagraf
- kan formidle kulturane sine fortellingar, og i samarbeid med heimen legge til rette for markering av høgtider og merkedagar
- kan samtale med barn om etiske, religiøse, filosofiske og livssynsmessige spørsmål
- kan stimulere til demokratiforståing ved å utøve demokrati i praksis
- kan legge til rette for medverknad frå også dei yngste barna gjennom aktiv interaksjon med dei
Studenten
- kan møte etiske utfordringar dagliglivet i barnehagen, reflektere kritisk over etiske spørsmål og grunngje sine handlingsval
- har tileigna seg eit fagleg og profesjonelt grunnlag for å kunne arbeide tverrfagleg og tverretatleg i barnehagen
- kan samarbeide med barn sine føresette
- kan framstå som ein tydeleg leiar
- har evne til å sjå samanhengar mellom individ, gruppe og samfunn og relatere desse samanhengane til praksis
Frammøte til undervisning og studentseminar er obligatorisk etter gjeldande reglar. Undervisninga i dette emnet går over to semester. Arbeidsmåtane er forelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid, evnt. studentstyrde seminar og studietur til det fleirkulturelle distriktet Redbridge i Aust-London.
Didaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i deler av emnet sine arbeidskrav. Dette skal sikre at dei kunnskapsbaserte læringsutbytta kan vise att i praksis som ferdigheiter for den profesjonelle barnehagelæraren.
Emnet inneheld rettleia praksis i barnehage. Tema for praksisen er Mangfald, barn og samfunn. Sjå meir informasjon om praksis i emneplan for praksis, BLUPRA1 Studenterfaringane frå praksis vert tekne vidare inn i undervisninga og studentane sine arbeidskrav.
For å kunne gå opp til eksamen skal studenten ha levert følgjande arbeidskrav i emnet innanfor tidsfristar fastlagde i semesterplanen:
- Godkjent oppgåve etter praksis
- Godkjent refleksjonsnotat etter studietur til det fleirkulturelle Redbridge. Omfang om lag 750 ord. Studieturen arrangerast under atterhald om nok påmelde studentar. Studentar som ikkje deltek på turen gjennomfører eit kompensatorisk arbeidskrav knytt til temaet fleirkulturalitet, omfang omlag 1500 ord.
- Kunnskapsprøve i Fronter
Alle arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Omlag 2000 ord |