Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
BLUSRLE Samfunn, religion, livssyn og etikk
Ingen
Kunnskapsområdet rettar merksemda mot barnehagen sitt samfunnsmandat og verdigrunnlag i eit samfunn prega av mangfald. Religiøse og etiske problemstillingar er svært aktuelle i barnehagen, og kunnskapsområdet må utdanne studentane til å møte desse utfordringane. I kunnskapsområdet er igangsetjing av studentane sine individuelle danningsprosessar vesentlege, også danning mot barnehagelærarprofesjonen.
Verdiane i formålsparagrafen i barnehagen har eit breitt grunnlag i samfunnet og skal leggjast til grunn for alt arbeid i barnehagen. Desse verdiane skal også støtte den førebyggjande funksjonen barnehagen har i samfunnet. Det krev at barnehagepersonalet har kunnskap om og respekt for ulike religionar, livssyn og kulturar. Verdiane i vår kristne og humanistiske arv, som er forankra i menneskerettane, skal såleis aktualiserast i dette kunnskapsområdet.
Kunnskapsområdet fokuserer på samfunnskunnskap og etikk, ulike religiøse og sekulære livssyn og kulturen sine forteljingar og tradisjonar. Kunnskap om og haldningar til religionar, livssyn og samfunn dannar eit viktig grunnlag for identitetsdanning og for å kunne forstå og møte menneske frå ulike kulturar. Kunnskapsområdet skal også gi kjennskap til samane si historie som urfolk, og til delar av samisk kultur og kvardagsliv. Etisk og filosofisk grunnlagstenking med innsikt i ulike menneskesyn og verkelegheitsoppfatningar skal fremje kritisk og etisk refleksjon knytt til praksis, særleg med omsyn til barnehagelæraren sin veremåte i møte med barn, føresette og personalet.
Kunnskapsområdet skal gi innsikt i mangfaldet, med vekt på det fleirkulturelle samfunnet som omgir barnehagen, barnehagens plass i samfunnet, barnehagen som organisasjon og som pedagogisk verksemd. Med utgangspunkt i barnehagen sitt arbeid for aktiv deltaking i eit demokratisk samfunn, utgjer forståing av forholdet mellom individ og samfunn, politiske strukturar, internasjonale konvensjonar, lovverk, mangfald og likestilling grunnleggjande tyngdepunkt. Sentrale tema er barn sine oppvekstvilkår og deira rettar og stilling i samfunnet, familiestrukturar, sosial utjamning, religionar og livssyn, etiske problemstillingar samt barnehagelæraren sitt ansvar og oppgåver i møte med barn i sorg og krisesituasjonar.
Kunnskapsbasen byggjer i hovudsak på lærarutdanningsfaga samfunnsfag, religion, livssyn og etikk og pedagogikk. Undervisninga skal tydeleggjere ei barnehagepedagogisk tilnærming og fagdidaktisk forsking knytt til kunnskapsområdet, der praksis inngår som ein integrert del.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
verdigrunnlaget til barnehagen og kva dette inneber i praksis i det norske fleirkulturelle samfunnet
barnehagen som organisasjon og pedagogisk verksemd
barnehagen som samfunnsinstitusjon, om samfunnet med vekt på mangfald, likeverd, likestilling, sosial ulikskap, demokrati og velferdsstaten, om barndom, barnehage og familie i historisk, notidig og framtidig perspektiv
- kristen tru og kulturarv, om andre verdsreligionar, andre livssyn og filosofi, samt etisk grunnlagstenking slik ho kjem fram gjennom formålsparagrafen,og etisk teori og etisk rettleiing
- samane si historie som urfolk og deira kultur og rettar i samfunnet
- barn sine dannings-, sosialiserings- og læringsprosessar i eit demokratisk samfunn prega av mangfald, inkludering og rett til medverknad, herunder kunnskap som gjer det mogleg å øve barna i demokratisk tenking og praksis
- barn sine rettar, internasjonale konvensjonar og lover og forskrifter som regulerer barnehagedrifta og barnehagelærarprofesjonen
- barn sine reaksjonar og vaksne sitt ansvar for barn i sorg- og krisesituasjonar
- barnehagelæraren som profesjonell yrkesutøvar
- nyare barnehageforsking om mangfald, fleirkulturalitet og medverknad
- kvalitet, kopla til barnehagens innhald og samfunnsmandat
Studenten kan
- reflektere kritisk over eigne verdiar, haldningar og veremåtar og handle i tråd med barnehagen sin formålsparagraf
- grunngje, formidle og praktisere barnehagen sitt samfunnsmandat og verdigrunnlag
- samarbeide med og leie barn og personale med ulik bakgrunn
- legge til rette for medverknad frå barna og foreldra deira gjennom aktiv interaksjon med dei
- samtale med barn om etiske, religiøse, filosofiske og livssynsmessige spørsmål
- formidle kulturane sine forteljingar, og i samarbeid med heimen legge til rette for markering av høgtider og merkedagar
- stimulere til demokratiforståing og demokratisk praksis, også ved å vere oppteken av kva som er god kvalitet for brukarane opp mot barnehagens sitt samfunnsmandat og verdiforståing
- bruke digitale forteljing som verkty i arbeid med dokumentasjon og refleksjon
Studenten
- kan møte etiske utfordringar i dagleglivet i barnehagen, reflektere kritisk over etiske spørsmål og grunngje sine handlingsval
- har tileigna seg eit fagleg- og profesjonelt grunnlag for å kunne arbeide tverrfagleg og tverretatleg i barnehagen
- kan nytte eit ressursorientert perspektiv i samarbeid med barn sine føresette
- har evne til å sjå samanhengar mellom individ, gruppe og samfunn og relatere desse samanhengane til praksis
- har tileigna seg fagleg grunnlag til å utvikle seg som ein tydeleg leiar i barnehagen
Frammøte til undervisning og studentseminar er obligatorisk etter gjeldande reglar. Undervisninga i dette emnet går over to semester. Arbeidsmåtane er forelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid, eventuelt studentstyrde seminar og studietur til det fleirkulturelle distriktet Redbridge i Aust-London.
Didaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i delar av emnet sine arbeidskrav. Dette skal sikre at dei kunnskapsbaserte læringsutbytta kan vise att i praksis som ferdigheiter for den profesjonelle barnehagelæraren.
Emnet inneheld rettleia praksis i barnehage. Tema for praksisen er Mangfald, barn og samfunn. Sjå meir informasjon om praksis i emneplan for praksis, BLUPRA1 Studenterfaringane frå praksis vert tekne vidare inn i undervisninga og studentane sine arbeidskrav.
For å kunne gå opp til eksamen skal studenten ha levert følgjande arbeidskrav i emnet innanfor tidsfristar fastlagde i semesterplanen:
- Godkjent oppgåve etter praksis.
- Godkjent refleksjonsoppgåve etter studietur til det fleirkulturelle Redbridge. Studieturen blir arrangert under atterhald om nok påmelde studentar. Studentar som ikkje deltek på turen gjennomfører eit kompensatorisk arbeidskrav knytt til temaet fleirkulturalitet, omfang omlag 1500 ord.
- Kunnskapsprøve i Fronter.
Alle arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Early Childhood Education - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Omlag 2000 ord |