Semesters

DKL111N Læringsnettverk og digital danning

Course code: 
DKL111N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2015 Autumn
Assessment semester: 
2015 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Ny teknologi krev at skulen og barnehagen utviklar seg. Samfunnet blir meir spesialisert og det vert vanskelegare å planlegge læring for framtida sin kompetanse enn tidlegare. Evna til å hente den informasjonen og kompetansen ein til ei kvar tid treng, vil i framtida bli viktigare enn å eige informasjonen og kompetansen. Internett har bidrege til at alle kan samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i samfunnsdebatten.Emnet DKL111N har eit særleg fokus på di eiga digitale danning gjennom læringsnettverk. Dette nettverket består av personar og kunnskapselement. Det er viktig med kompetanse i å finne fram, sile ut, skape og bruke innhald i ulike ressursnettverk. Digital dømmekraft i høve til nettjuss, nettvett, digital mobbing, sosiale medier og digital studieteknikk er sentrale tema.Emnet har både praktiske og teoretiske tilnærmingar, og ein får utvikla seg fagleg både profesjonelt og personleg gjennom å tileigne seg nye læringsmetodar for livslang læring. Emnet kan takast som ein del av eit årsstudium, eit deltidsstudium eller som eit sjølvstendig emne.

Learning outcome

Standard tekst inn her

Learning outcome knowledge

Kandidaten har:

  • grunnleggjande kunnskap om barn og unge sin mediekultur
  • grunnleggjande kunnskap om digital dømmekraft og nettvett
  • grunnleggjande kunnskap om informasjonssøk på nett
  • grunnleggjande kunnskap om digital studieteknikk
  • grunnleggjande kunnskap om bruk av sosiale medier i læringssamanheng
  • forståing for forskning og utvikling innan medieproduksjon i læring, digitale verkty og mediert digital læring 
Learning outcome skills

Kandidaten kan:

  • tilretteleggje for gode læringsprosessar i teknologirike omgjevnader
  • finne, vurdere og ta i bruk digitale ressursar i eige didaktisk arbeid
  • etablere og bruke nettverk som ein del av eiga kompetanseutvikling
  • vurdere digitale verkty effektivt og nytte desse i ein læringssamanheng 
Learning outcome qualification

Kandidaten:

  • leggje til rette for, støtte og rettleie elevane i korleis lage multimedieprodukt
  • kan planleggje og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller i gruppe
  • forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysninger, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
  • kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
  • har kjennskap til og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Working and learning activities

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen).

Assessment requirements

a) Studenten skal levere svar på tre større arbeidsoppgåver. Kvar av oppgåvesvara skal vere godkjende av faglærar for at studenten skal få gå opp til avsluttande eksamen. Studenten har to forsøk på å få godkjent kvart oppgåvesvar. Innleveringstidspunkt vil gå fram av semesterplanen. Omfangskravet vil variere mellom 400 - 1200 ord, i tillegg til eventuelt lyd/bilete/video-materiale som oppgåveformuleringa krev.
b) Arbeid med innhald frå alle delemna skal dokumenterast gjennom publisering til studieblogg. Faglærar definerer nærare kva for krav det er til dokumentasjon.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
40
Costs

Kr. 4000,-

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Day
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten vel ut til elektronisk mappevurdering for levering i Fronter:
a) Eitt oppgåvesvar frå arbeidskrav a. Avhengig av kva for oppgåvesvar som vert levert, skal omfanget vere mellom 1500 - 2500 ord, i tillegg til eventuelt lyd/bilete/video-materiale som oppgåveformuleringa krev.
b) Tre av innlegga frå arbeidskrav b. samt ein kommentar til ein medstudent sitt innlegg i sin studieblogg. Innlegga skal vere samla i eitt dokument.
c) Ei grunngjeving (utvalsrefleksjon) for utvalet (mellom 1200 - 2000 ord).Elementa blir vurdert samla med vekt på utvalsrefleksjon.