Semesters

DKL111N Profesjonsfagleg digital kompetanse og læringsnettverk

Course code: 
DKL111N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Profesjonsfagleg digital kompetanse og læringsnettverk
Teaching semester: 
2019 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Profesjonsfaglig digital kompetanse
Assessment semester: 
2019 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Studiet DKL111N Profesjonsfagleg digital kompetanse og læringsnettverk har eit særleg fokus på utvikling av din eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse og læringsnettverket du treng for å halde deg oppdatert. Studiet er lagt opp med tett fagleg oppfølging, diskusjonar og moglegheit for samarbeid eller individuelt arbeid etter eige ønske. Fleire mindre arbeidskrav byggjer til saman mappeoppgåvene du skal levere, og du får tilbakemelding og innspel gjennom heile studiet.

Rammeverket for profesjonsfagleg digital kompetanse er utgangspunkt for studiet, som tek deg gjennom heile rammeverket med både praktiske og teoretiske inngangar. Fagfornyinga og krav til læraren i framtidas klasserom står også sentralt. Internett har bidrege til at alle kan samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i samfunnsdebatten. Det er viktig med kompetanse i å finne fram, sile ut, skape og bruke innhald i ulike ressursnettverk, men også å ta bruk kompetansen barn og unge kan bidra med i læringsarbeidet. Digital dømmekraft i høve til nettjuss, nettvett, digital mobbing og sosiale medier er sentrale tema. Det same er digital didaktikk, korleis vurdere ulike ressursar og verktøy for læring. Emnet har både praktiske og teoretiske tilnærmingar, og ein får utvikla seg fagleg både profesjonelt og personleg gjennom å tileigne seg nye læringsmetodar for livslang læring. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten kan:

  • gjere greie for rammeverket for profesjonsfaglig digital kompetanse 
  • vise forståing for korleis drive utviklingssarbeid gjennom læringsnettverk
  • vise kunnskap om etikk, digital dømmekraft og nettvett
  • vise grunnleggjande kunnskap om barn og unge sin mediekultur og skulen i mediesamfunnet
  • vise grunnleggjande kunnskap om korleis legge til rette for læring med digitale ressursar
Learning outcome skills

Kandidaten kan:

  • vurdere og reflektere over sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse
  • etablere og bruke læringsnettverk som ein del av eiga kompetanseutvikling
  • vurdere kva innverknad barn og unge sin mediekultur har på læring i og utanfor skulen 
  • vurdere og reflektere over etiske problemstilingar knytt til læring og skule
  • finne, vurdere og ta i bruk digitale ressursar og verkty i eige didaktisk arbeid
Learning outcome qualification

Kandidaten:

  • kan planleggje og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller i gruppe.
  • forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysninger, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar.
  • har forståing for forskning og utvikling innan medieproduksjon i læring, digitale verkty og mediert digital læring.
  • kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis.
  • har kjennskap til og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar.
Working and learning activities

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen).

Assessment requirements

Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa. Oppgåvene vil gå fram av semesterplanen.

Evaluation system
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Jarle Hauge Steffenssen
Costs

Kr. 4.000,-

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Approval signature: 
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn