Semesters
DKL111N Profesjonsfagleg digital kompetanse
Ingen.
Studiet DKL111N Profesjonsfagleg digital kompetanse har eit særleg fokus på utvikling av din eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse og læringsnettverket du treng for å halde deg oppdatert. Studiet er lagt opp med tett fagleg oppfølging, diskusjonar og moglegheit for samarbeid eller individuelt arbeid etter eige ønske. Fleire mindre arbeidskrav byggjer til saman mappeoppgåvene du skal levere, og du får tilbakemelding og innspel gjennom heile studiet.
Rammeverket for profesjonsfagleg digital kompetanse er utgangspunkt for studiet, som tek deg gjennom heile rammeverket med både praktiske og teoretiske inngangar. Fagfornyinga og krav til læraren i framtidas klasserom står også sentralt. Internett har bidrege til at alle kan samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i samfunnsdebatten. Det er viktig med kompetanse i å finne fram, sile ut, skape og bruke innhald i ulike ressursnettverk, men også å ta i bruk kompetansen barn og unge kan bidra med i læringsarbeidet. Digital dømmekraft i høve til nettjuss, nettvett, digital mobbing og sosiale medium er sentrale tema. Det same er digital didaktikk, korleis vurdere ulike ressursar og verktøy for læring. Emnet har både praktiske og teoretiske tilnærmingar, og ein får utvikla seg fagleg både profesjonelt og personleg gjennom å tileigne seg nye læringsmetodar for livslang læring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal kunne:
- gjere greie for rammeverket for profesjonsfaglig digital kompetanse
- vise forståing for korleis drive utviklingsarbeid gjennom læringsnettverk
- vise kunnskap om etikk, digital dømmekraft og nettvett
- vise grunnleggjande kunnskap om barn og unge sin mediekultur og skulen i mediesamfunnet
- vise grunnleggjande kunnskap om korleis leggje til rette for læring med digitale ressursar
Kandidaten skal kunne:
- vurdere og reflektere over sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse
- etablere og bruke læringsnettverk som ein del av eiga kompetanseutvikling
- vurdere kva innverknad barn og unge sin mediekultur har på læring i og utanfor skulen
- vurdere og reflektere over etiske problemstilingar knytt til læring og skule
- finne, vurdere og ta i bruk digitale ressursar og verkty i eige didaktisk arbeid
Kandidaten skal:
- kunne planleggje og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid
- forstå tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysninger, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
- ha forståing for forsking og utvikling innan medieproduksjon i læring, digitale verkty og mediert digital læring
- kunne utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
- ha kjennskap til og erfaring i nytenking og innovasjonsprosessar
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen).
Emnet har tre mappeoppgåver som skal vurderast og godkjennast før eksamen. To mappeoppgåver blir trekt ut til eksamen. Omfanget på kvar oppgåve vil være på ca. 2000 ord.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Kr. 4.000,-
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med to av tre mappeoppgåver. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. |