Semesters
DKL111N Læringsnettverk og profesjonsfagleg digital kompetanse
Ingen
Ny teknologi krev at skulen og barnehagen utviklar seg. Samfunnet blir meir spesialisert og det vert vanskelegare å planlegge læring for framtida sin kompetanse enn tidlegare. Evna til å hente den informasjonen og kompetansen ein til ei kvar tid treng, vil i framtida bli viktigare enn å eige informasjonen og kompetansen. Internett har bidrege til at alle kan samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i samfunnsdebatten.Emnet DKL111N har eit særleg fokus på din eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse gjennom læringsnettverk. Dette nettverket består av personar og kunnskapselement. Det er viktig med kompetanse i å finne fram, sile ut, skape og bruke innhald i ulike ressursnettverk. Digital dømmekraft i høve til nettjuss, nettvett, digital mobbing, sosiale medier og digital studieteknikk er sentrale tema.Emnet har både praktiske og teoretiske tilnærmingar, og ein får utvikla seg fagleg både profesjonelt og personleg gjennom å tileigne seg nye læringsmetodar for livslang læring. Emnet kan takast som ein del av eit årsstudium, eit deltidsstudium eller som eit sjølvstendig emne.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har:
- grunnleggjande kunnskap om profesjonsfaglig digital kompetanse
- grunnleggjande kunnskap om barn og unge sin mediekultur
- grunnleggjande kunnskap om digital dømmekraft og nettvett
- grunnleggjande kunnskap om informasjonssøk på nett
- grunnleggjande kunnskap om digital studieteknikk
- grunnleggjande kunnskap om bruk av sosiale medier i læringssamanheng
- forståing for forskning og utvikling innan medieproduksjon i læring, digitale verkty og mediert digital læring
Kandidaten kan:
- tilretteleggje for gode læringsprosessar i teknologirike omgjevnader
- finne, vurdere og ta i bruk digitale ressursar i eige didaktisk arbeid
- etablere og bruke nettverk som ein del av eiga kompetanseutvikling
- vurdere digitale verkty effektivt og nytte desse i ein læringssamanheng
Kandidaten:
- kan leggje til rette for, støtte og rettleie elevane i korleis lage multimedieprodukt
- kan planleggje og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller i gruppe
- forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysninger, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
- kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
- har kjennskap til og erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen).
Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa. Oppgåvene vil gå fram av semesterplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Kr. 4000,-
- Digital Compentence for Teaching, on line courses
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |