Semesters

DKL116N Koding i skulen

Course code: 
DKL116N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Koding i skulen
Teaching semester: 
2019 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Programmering i skolen
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Koding i skulen gir elevane høve til å forstå meir av teknologien dei omgir seg med. I DKL116N fokuserer vi på ulike måtar å jobbe praktisk med koding (programmering) i grunnskulen, frå
algoritmisk tenking utan digitale verktøy, via blokkprogrammering på nettbrett og PC, til tekstbasert programmering. Vi ser også på korleis det digitale kan samhandle med det analoge,
t.d. ved hjelp av mikrokontrollerar som Microbit eller Makey Makey.

Målgruppa for emnet er lærarar i grunnskulen og andre som skal undervise/rettleie i programmering.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Studenten kan sjølv planlegge og utvikle program med blokk- eller tekstbaserte programmering og vurdere korleis elevane kan nytte koding i læringsarbeid.

Learning outcome knowledge

Kandidaten

  • har grunnleggjande forståing for algoritmar og datastrukturar
  • har forståing for grunnleggjande element i eit programmeringsspråk
  • har kunnskapar om designtenking og metodar for programutvikling
  • kjenner til programmeringa si historie og sin plass i samfunnet, herunder diskursen om programmering i skulen
  • har grunnleggjande kunnskap om verktøy for programmering på nettbrett og PC
  • Har grunnleggjande kunnskap om programmeringsspråk til bruk i skulen
  • Har grunnlegg,ande kunnskap om programmering av mikrokontrollerar og konstruksjon av elektroniske prototypar.
Learning outcome skills

Kandidaten kan

  • jobbe med algoritmisk tenking i klasseromet, utan digitale verktøy
  • planlegge utviklinga av eit program
  • utforme enkle algoritmar og pseudokode
  • lage program ved hjelp av blokkprogrammering/visuell programmering
  • lage program ved hjelpe av tekstbasert programmering
  • feilsøke og vidareutvikle program
  • integrere programmering i læringsarbeidet med sine elevar, både knytt til enkeltfag og på tvers av fag.
  • vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
  • lage og overføre program til mikrokontrollerar
  • kople enkle elektroniske kretsar i utvikling av prototypar
Learning outcome qualification

Kandidaten kan

  • reflektere over teknologien sin plass i samfunnet
  • bidra til å utvikle faglig grunngjeven bruk av programmering i skulen
Working and learning activities

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. 

Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.

Assessment requirements

Frammøtekrav: Ingen

 

Arbeidskrav: ​Utvalde arbeidsoppgåver vil vere markert obligatoriske i semesterplan. Ei større oppgåve vil handle om å utvikle eit produkt sjølv, og ei større oppgåve vil handle om eit
undervisningsopplegg med elevar.
 

 

Evaluation system
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Torbjørn Frantsen
Costs

​Kr. 5.000,-

Used in other programs
  • Digital Compentence for Teaching, on line courses
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual or Group exam
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalgte arbeid frå heile semesteret.
Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Approval signature: 
Synnøve Amdam