Semesters

DKL116N Programmering i skulen

Course code: 
DKL116N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Autumn
Assessment semester: 
2022 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Som student i DKL116N vil du både byggje di eiga teknologiske forståing og få kunnskap om korleis du skal legge til rette for gode læringsprosessar i undervising som inkluderer programmering. I emnet fokuserer vi på ulike måtar å jobbe praktisk med programmering på ulike trinn i grunnskulen.

Sentrale tema i emnet er algoritmisk tenking, programmering utan datamaskin, visuell og tekstbasert programmering, programmering av mikrokontrollar og arbeid med prototypar. I det praktiske arbeidet blir det gitt høve til å fokusere på ønska trinn og fag

Målgruppa for emnet er lærarar i grunnskulen og andre som skal undervise eller rettleie i programmering. Studiet har tett fagleg oppfølging, tilbakemeldingar og diskusjonar, og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske. Til eksamen leverer kvar student ei eksamensmappe, basert på arbeidskrava i emnet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten skal kunne

  • vise grunnleggjande forståing for algoritmar
  • gjere greie for grunnleggjande datatypar 
  • gjere greie for grunnleggjande element i eit programmeringsspråk
  • gjere greie for designtenking og metodar for programutvikling
  • kjenner til programmeringa si historie og sin plass i samfunnet, herunder diskursen om programmering i skulen
  • kjenner til fordelar og ulemper ved ulike programmeringsverktøy og programmeringsspråk
  • gjere greie for ein korleis programmering heng saman med mikrokontrollerar og konstruksjon av prototypar.
Learning outcome skills

Kandidaten skal kunne

  • jobbe med algoritmisk tenking i klasseromet, utan digitale verktøy
  • planleggje utviklinga av eit program
  • utforme enkle algoritmar og pseudokode
  • lage program ved hjelp av visuell programmering
  • lage program ved hjelpe av tekstbasert programmering
  • feilsøke og vidareutvikle program
  • integrere programmering i læringsarbeidet med sine elevar, både knytt til enkeltfag og på tvers av fag.
  • vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
  • lage og overføre program til mikrokontrollerar
  • kople enkle elektroniske kretsar i utvikling av prototypar
Learning outcome qualification

Kandidaten skal kunne

  • reflektere over teknologien sin plass i samfunnet
  • utvikle fagleg fundamentert programmeringsundervisning i skulen
Working and learning activities

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. 

Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk programmering, didaktisk refleksjon og programmeringa sin plass i skulen.

Assessment requirements

Frammøtekrav: Det er ikkje noko frammøte, emnet er nettbasert. 

Arbeidskrav: ​​Emnet har to større, obligatoriske mappeoppgåver. Oppgåvene kan leverast som tekst eller film/samansatt tekst. Omfanget på oppgåvene vil samla vere på ca. 5000 ord (+/- 10%), eller inntil 20 minutt (+/- 10%) som film/samansett tekst.

Desse oppgåvene utgjer også eksamensmappa som skal leverast og vurderast ved semesterslutt. 

Studentane får tilbakemelding på mappeoppgåvene i Canvas etter levering/godkjenning som arbeidskrav. Om ei mappeoppgåve blir vurdert som "ikkje godkjent" etter første levering vil studenten få ny frist for levering av revidert versjon.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Torbjørn Frantsen
Costs

​Kr. 4.000,-

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semester
Pass / fail
Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld dei to obligatoriske mappeoppgåvene frå semesteret.
Approval signature: 
Arne Myklebust