Semesters
- 2024 Spring
- 2023 Autumn
- 2023 Spring
- 2022 Autumn
- 2022 Spring
- 2021 Autumn
- 2021 Spring
- 2020 Autumn
- 2020 Spring
- 2019 Autumn
- 2019 Spring
- 2018 Spring
DKL116N Programmering i skulen
Ingen.
Som student i DKL116N vil du både byggje di eiga teknologiske forståing og få kunnskap om korleis du skal legge til rette for gode læringsprosessar i undervising som inkluderer programmering. I emnet fokuserer vi på ulike måtar å jobbe praktisk med programmering på ulike trinn i grunnskulen.
Sentrale tema i emnet er algoritmisk tenking, programmering utan datamaskin, visuell og tekstbasert programmering, programmering av mikrokontrollar og arbeid med prototypar. I det praktiske arbeidet blir det gitt høve til å fokusere på ønska trinn og fag
Målgruppa for emnet er lærarar i grunnskulen og andre som skal undervise eller rettleie i programmering. . Studiet har tett fagleg oppfølging, tilbakemeldingar og diskusjonar, og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske. Til eksamen leverer kvar student ei eksamensmappe, basert på arbeidskrava i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal kunne
vise grunnleggjande forståing for algoritmar
gjere greie for grunnleggjande datatypar
gjere greie for grunnleggjande element i eit programmeringsspråk
gjere greie for designtenking og metodar for programutvikling
kjenner til programmeringa si historie og sin plass i samfunnet, herunder diskursen om programmering i skulen
kjenner til fordelar og ulemper ved ulike programmeringsverktøy og programmeringsspråk
gjere greie for korleis programmering heng saman med mikrokontrollerar og konstruksjon av prototypar.
Kandidaten skal kunne
- jobbe med algoritmisk tenking i klasseromet, utan digitale verktøy
- planleggje utviklinga av eit program
- utforme enkle algoritmar og pseudokode
- lage program ved hjelp av blokkprogrammering/visuell programmering
- lage program ved hjelpe av tekstbasert programmering
- feilsøke og vidareutvikle program
- integrere programmering i læringsarbeidet med sine elevar, både knytt til enkeltfag og på tvers av fag.
- vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
- lage og overføre program til mikrokontrollerar
- kople enkle elektroniske kretsar i utvikling av prototypar
Kandidaten skal kunne
- reflektere over teknologien sin plass i samfunnet
- utvikle fagleg fundamentert programmeringsundervisning i skulen
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.
Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk programmering, didaktisk refleksjon og programmeringa sin plass i skulen.
Frammøtekrav: Det er ikkje noko frammøte - emnet er nettbasert.
Arbeidskrav:
Emnet har to større, obligatoriske mappeoppgåver. Oppgåvene kan leverast som tekst eller film/samansatt tekst. Omfanget på oppgåvene vil samla vere på ca. 5000 ord (+/- 10%), eller inntil 20 minutt (+/- 10%) som film/samansett tekst.
Desse oppgåvene utgjer også eksamensmappa som skal leverast og vurderast ved semesterslutt.
Studentane får tilbakemelding på mappeoppgåvene i Canvas etter levering/godkjenning som arbeidskrav. Om ei mappeoppgåve blir vurdert som "ikkje godkjent" etter første levering vil studenten få ny frist for levering av revidert versjon.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Kr. 4.000,-
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | Pass / fail | Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld dei to obligatoriske mappeoppgåvene frå semesteret. |