Semesters

HI100 Historisk innføringsemne

Course code: 
HI100
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Historisk innføringsemne
Teaching semester: 
2024 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Historisk innføringsemne
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
HI111 World history and Norwegian history from ca 300 to ca 1536
HI112 World history and Norwegian history from ca 1536 to ca 1870
Course content

Emnet skal gje studentane innføring i sentrale spørsmål og arbeidsmåtar i historiefaget som eit humanistisk og samfunnsvitskapleg fag, der bruken av kjelder, metode og / eller historiografi blir særleg vektlagt.  

Emnet er delt i to delar, ein teoridel  og ein oppgåvedel. I oppgåvedelen skal studenten skrive ei fordjupingsoppgåve innanfor eit avgrensa fagområde som instituttet gjev undervisning og rettleiing i. Dette fagområdet kan vere eit tema frå norsk og/eller internasjonal historie, eller ta utgangspunkt i eit avgrensa kjeldemateriale som studenten skal arbeide sjølvstendig med og basere oppgåva si på.

Studenten skal sjølv velje hovudproblemstilling, som skal godkjennast av rettleiar. I samråd med rettleiar skal studenten finne fram til ca. 500 sider relevant støttelitteratur for fordjupingsoppgåva.

Teoridelen gjev ei grunnleggjande innføring i sentrale metodar, teoriar og arbeidsmåtar i historiefaget, med vekt på kjeldebruk og kjeldekritikk. Det vert også gjeve innføring i nokre kulturhistoriske tema i tilknyting til antikken.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa fagområde i historiefaget 
  • kunnskapar om historisk metode og teori
  • kunnskap om hovudtrekk i historiefaget si utvikling 
  • grunnleggjande kunnskap om nokre kulturhistoriske tema i antikken
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • bruke historiske kjelder på ein kritisk og reflektert måte i samband med skriving av fagtekstar
  • analysere sakskompleks i eit avgrensa område i historiefaget ved bruk av relevant historisk metode
  • plassere eit historisk tema frå norsk og/eller internasjonal historie i ein historiografisk samanheng i samband med skriving av fagtekstar 
  • formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, f.eks. gjennom digitale medium
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
  • sjå framveksten av eit vitskapsfelt som ledd i ei historisk utvikling
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • vurdere historiske kjelder på ein kritisk måte
  • dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Working and learning activities

Emnet er organisert slik at studentane både får undervisning og rettleiing i aktuelle fagområde for oppgåvedelen, og undervisning i teoridelen av emnet.

All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i eit digitalt læringssystem. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det vert lagt ut rettleiingar på nettet om desse teknikkane ved semesterstart.

Assessment requirements

Studentane skal gjennomføre følgjende arbeidskrav:

Oppgåvedelen (tilsvarar om lag 10 stp.)

  • Levere eit utkast til temautgreiing og problemstilling til godkjenning av faglærar. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon. 
  • Levere eit utkast til fordjupingsoppgåve med kjelde- og litteraturliste til godkjenning av faglærar. Utkastet skal minst ha eit omfang på omlag 2500-3000 ord utanom framside, innhalds- og kjelde-/litteraturliste. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Levere eit tilnærma ferdig utkast til fordjupingsoppgåve til faglærar for godkjenning. Utkastet skal ha eit omfang på omlag 3000-5000 ord utanom framside, innhalds- og kjelde-/litteraturliste. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.

Teroridelen (tilsvarar om lag 5 stp.)

  • Presentere eit tema knytt til teoridelen av emnet, i samsvar med plan og instruks frå instituttet.

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i førelesingar og seminar, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje emneansvarleg om dispensasjon frå kravet mot levering av eit skriftleg arbeid, innanfor oppgjeve tema. Liksom under punkta ovanfor skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.

Studentar som ikkje får godkjent på arbeidskrava, får ny sjanse innan ein kort frist.

Detaljane i arbeidskrava - nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – vert presiserte i eit eige skriv og lagt ut i Canvas.

Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester. Alle arbeidskrav skal gjennomførast som sjølvstendige arbeid.

Evaluation system
Minimum number of students: 
8
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Harald Johannes Krøvel
Used in other programs
  • History - bachelor
  • History - yearcourse
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Mappa skal innehalde den ferdige fordjupingsoppgåva og presentasjonen av tema fra teoridelen av emnet. Eksamensmappa skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamen vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Alle
Fordjupingsoppgåva skal ha eit omfang på 3000-5000 ord.
Adjusting oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. Under munnlege eksamen skal studentane kunna gjere greie både for fordjupingsoppgåva, dei 500 sidene i pensum som er lagt opp i tilknyting til oppgåvedelen i emnet, i tillegg til pensumet i teoridelen av emnet.
Alle
Approval signature: 
Randi Bergem 23.02.2023