Semesters
- 2026 Spring
- 2025 Spring
- 2024 Spring
- 2023 Spring
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2019 Spring
- 2018 Spring
- 2017 Spring
- 2016 Spring
HI100 Historisk innføringsemne
Ingen
Emnet skal gje studentane ei innføring i sentrale spørsmål og arbeidsmåtar i historiefaget som eit humanistisk og samfunnsvitskapleg fag. Det inviterer til refleksjon omkring vitskaplege grunnlagsproblem og tar opp tilhøvet mellom historiefaget og samfunnet.Emnet er delt i to delar, ein teoridel på om lag 5 studiepoeng og ein oppgåvedel på om lag 10 stp. Formålet med oppgåvedelen av emnet er å gi studenten høve til å fordjupe seg i eit (område) tema i norsk og / eller internasjonal historie ved å skrive ei større fagleg oppgåve (kalla temaoppgåve) der bruken av kjelder, metode og / eller historiografi blir særleg vektlagt. Gjennom skriveprosessen skal studenten øve opp kritisk haldning til kjelder og litteratur, evne til å utvikle ei problemstilling, evne til gjere greie for hovuddelane av det valde emnet for temaoppgåva og drøfte argument for og mot ein påstand knytt til det.Instituttet gjev kvart år rettleiing knytt til nokre temaområde frå norsk og/eller internasjonal historie. Studenten skal sjølv velje hovudproblemstilling, som skal godkjennast av rettleiar. I samråd med rettleiar skal studenten finne fram til 300 sider relevant støttelitteratur for det temaet og den problemstillinga ho/han har vald, og så skrive oppgåva med utgangspunkt i denne.Teoridelen skal kombinerast med ein studietur til Roma og gir ei grunnleggjande innføring i historiefaget sin plass som humanistisk og samfunnsvitskapleg fag frå antikken og fram til i dag. Det blir lagt opp eit felles pensum på ca 400 sider, sjå pensumliste. Det blir gjeve førelesingar i emnet, nokre i Volda, nokre i Roma. På studietur til Roma blir det i tillegg arrangert ekskursjonar.
Kjem
Studenten– har utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område el. tema i norsk og/eller internasjonal historie– har kunnskap om hovudtrekk i historiefaget og hermeneutikken si utvikling sidan renessansen– har grunnleggjande kunnskap om romersk historie og nokre kulturhistoriske tema i antikken.
Studenten– kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling– kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer– kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiingkan sjå framveksten av eitt vitskapsfelt som ledd i større historisk utvikling og samanhengar.
Ingen.
Emnet er organisert med tre arbeidsperiodar:a) Frå semesterstart ein innføringsperiode knytt til oppgåvedelen av emnet, der det blir gjeve førelesningar og halde seminar på kvart av dei aktuelle temaområda. I desse blir det gjeve ei heilt grunnleggjande innføring i temaet og kjelde- og litteratursituasjonen. Vidare kan det bli arrangert studentstyrde seminar, der utkast til forskjellige element/stadium av den ferdige oppgåva skal leggjast fram for medstudentar til kommentar. Denne organiseringa gjeld både for studentar ved høgskulen og for fjernstudentar.b) Frå medio mars er det to veker undervisning i teoridelen av emnet. Denne blir så følgt opp med ein studietur til Roma på ei veke, der det blir lagt inn ekskursjonar og førelesingar. Dersom det ikkje melder seg nok studentar til ekskursjonen innan den oppgjevne fristen blir det i staden gjeve utfyllande undervisning på campus. All undervisning er basert på at studentane på førehand set seg inn i det aktuelle pensumet og såleis førebur seg på dei problemstillingar som vert tekne opp.c) Framhald av oppgåvedelen og ferdiggjering av oppgåva.All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Arbeidskrav nedanfor) skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, t.d. Microsoft Explorer, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det vert gjeve innføringskurs i desse teknikkane ved semesterstart, og det vert lagt ut rettleiingar på nettet.
Studentane sitt sjølvstendige arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal studentane gjennomføre:
Oppgåvedelen (10 stp.)
- Skrive utkast til temautgreiing og problemstilling med kjelde- og litteraturliste for oppgåvedelen av emnet. Utkastet skal godkjennast av faglærar. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
- Skrive ut hovuddelen av temaoppgåva og legge ho fram for medstudentar til kommentering. Utkastet skal minst ha eit omfang på 3 000 ord.
- Skrive kortare kommentarar (responsar) til temautgreiing, problemstilling og hovuddel av oppgåva frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang på 200 – 400 ord.
- Levere eit tilnærma ferdig utkast til temaoppgåve til faglærar for godkjenning. Utkastet skal ha eit omfang på om lag 5000 ord.
Teroridelen (5 stp.)
- Levere eit skriftleg grunnlag for, og gjennomføre ein munnleg presentasjon av eit tema knytt til teoridelen av emnet, i samsvar med plan og instruks oppsett frå instituttet.
- For studentar som ikkje deltek på studietur til Roma med alle faglege aktivitetar der: heimeprøve i teoridelen av emnet.
Studentar som ikkje får godkjent på arbeidskrava, får ny sjanse innan ein kort frist.
Detaljane i arbeidskrava - nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – vert presiserte i eit eige skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i Fronter.
Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester.Alle arbeidskrav skal gjennomførast som sjølvstendige arbeid.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- History - bachelor
- History - yearcourse
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Mappe skal innehalde den ferdige oppgåva og det skriftlege grunnlaget for presentasjonen av tema frå teoridelen av emnet. | Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord. |