Semesters
IKF107 Friluftsliv 2
Emnet fokuserer på friluftsliv i skogen og på fjellet om vinteren og våren. Sentrale delar av undervisninga omhandlar ferdigheiter, kunnskapar knytt til leiing og vegleiing av grupper knytt til vinterfriluftsliv. Trygg ferdsel med tanke på snøskred og vinterferdsel er sentralt. Semesteret har ein praksisperiode. Emnet inneheld òg lovverk og naturforvaltning, naturkjennskap og utstyrslære. Emnet inngår som andre emnet i Bachelor i friluftsliv og naturguide.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om vegleiing og leiing med særleg fokus på vinterfriluftsliv
- har kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad
- har kjennskap til dei rammevilkåra og krava som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skuleverk, fritid og næringsliv
- har utvida kunnskapar om korleis naturen og friluftslivet vert forvalta i Noreg
Studenten
- kan planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø
- har allsidige ferdigheiter til å ferdast i ulike former for natur under vekslande forhold
- har ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i forhold til ulike naturkrav
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kan utøve kvalifiserte faglege skjønn
- har grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne utvikle god praksis innan fagfeltet
- kan sjølvstendig anvende kunnskap og ferdigheiter i ulike situasjonar gjennom å vise evne til samarbeid, evne til refleksjon og kritisk tenking knytt til leiing i vinterfriluftslivet
Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Arbeidsmåten og organiseringa er tilrettelagt gjennom lærarstyrte aktivitetar inne og ute, førelesingar, sjølvstendig studentarbeid, eigenstudie, gruppearbeid, studentseminar, eigenferder og digital undervisning. Fleire av dei praktiske undervisningsdelane blir gjennomført som turar over fleire døgn. Ferdigheitsprøver kan bli lagt inn.
Frammøtekrav: Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste utandørsopplegg og på førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100% deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar.
Arbeidskrav:
- Rapport frå praksis skal vere levert til fastsett tid i semesterplanen
- Studenten skal revidere Eigenutviklingsplan og dei personlege læringsmåla. Eigenutviklingsplan skal leverast til fastsett tid i semesterplanen
- Godkjent oppgåve på 1500 ord knytt til temaet vinterfriluftsliv
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Materialpengar kr. 400,-
- Outdoor Life - year course
- Outdoor Life Education and Nature Guiding - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual | 1 Week | Pass / fail | Skredkurs. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | Skredkurs | ||
Praktisk eksamen | Individual | 1 Week | Pass / fail | Vinterfriluftsliv i fast leir. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | Vinterfriluftsliv i fast leir | ||
Praktisk eksamen | Individual | 2 Weeks | Pass / fail | Skiferd i gruppe og eigenferd i gruppe. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | Skiferd i gruppe og eigenferd i gruppe | ||
Praktisk eksamen | Individual | 1 Week | Pass / fail | Vårskitur. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking. | Vårskitur | ||
Oral examination | Individual | Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |