Semesters

IKF107 Friluftsliv 2

Course code: 
IKF107
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Spring
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

IKF106 

Course content

Emnet fokuserer på friluftsliv i skogen og på fjellet om vinteren og våren. Sentrale delar av undervisninga omhandlar ferdigheiter, kunnskapar knytt til leiing og vegleiing av grupper knytt til vinterfriluftsliv. Trygg ferdsel med tanke på snøskred og vinterferdsel er sentralt. Semesteret har ein praksisperiode. Emnet inneheld òg lovverk og naturforvaltning, naturkjennskap og utstyrslære. Emnet inngår som andre emnet i Bachelor i friluftsliv og naturguide.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om vegleiing og leiing med særleg fokus på vinterfriluftsliv
  • har kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass i naturen sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad
  • har kjennskap til dei rammevilkåra og krava som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skuleverk, fritid og næringsliv
  • har utvida kunnskapar om korleis naturen og friluftslivet vert forvalta i Noreg
Learning outcome skills

Studenten

  • kan planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø
  • har allsidige ferdigheiter til å ferdast i ulike former for natur under vekslande forhold
  • har ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i forhold til ulike naturkrav
Learning outcome qualification

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kan utøve kvalifiserte faglege skjønn
  • har grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne utvikle god praksis innan fagfeltet
  • kan sjølvstendig anvende kunnskap og ferdigheiter i ulike situasjonar gjennom å vise evne til samarbeid, evne til refleksjon og kritisk tenking knytt til leiing i vinterfriluftslivet
Working and learning activities

Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Arbeidsmåten og organiseringa er tilrettelagt gjennom lærarstyrte aktivitetar inne og ute, førelesingar, sjølvstendig studentarbeid, eigenstudie, gruppearbeid, studentseminar, eigenferder og digital undervisning. Fleire av dei praktiske undervisningsdelane blir gjennomført som turar over fleire døgn. Ferdigheitsprøver kan bli lagt inn.

Assessment requirements

Frammøtekrav: 

Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste utandørsopplegg og på førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100% deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar.

 

Arbeidskrav: 

  • Rapport frå praksis skal vere levert til fastsett tid i semesterplanen
  • Studenten skal revidere Eigenutviklingsplan og dei personlege læringsmåla. Eigenutviklingsplan skal leverast til fastsett tid i semesterplanen
  • Godkjent oppgåve på 1500 ord knytt til temaet vinterfriluftsliv

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Kalle Kristian Pulli
Audun Røhnebæk Stikbakke
Expenses

Materialpengar kr. 400,-

Used in other programs
  • Outdoor Life - year course
  • Outdoor Life Education and Nature Guiding - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individual
1 Week
Pass / fail
Skredkurs. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Skredkurs
Praktisk eksamen
Individual
1 Week
Pass / fail
Vinterfriluftsliv i fast leir. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Vinterfriluftsliv i fast leir
Praktisk eksamen
Individual
2 Weeks
Pass / fail
Skiferd i gruppe og eigenferd i gruppe. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Skiferd i gruppe og eigenferd i gruppe
Praktisk eksamen
Individual
1 Week
Pass / fail
Vårskitur. Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. Det krevs 100% deltaking.
Vårskitur
Oral examination
Individual
Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Unni Hagen