Semesters
INF211 PR og kommunikasjon 3: Samfunnskommunikasjon og CSR
Eller tilsvarande 60 stp.
Kurset tek sikte på å gi ei brei forståing og grunngjeving av omgrepet samfunnsansvar (Corporate Social Responsibility, CSR). Utgangspunktet er dei kommunikasjonsutfordringane statlege institusjonar og private verksemder møter når borgarar og kundegrupper stiller krav til samfunnsansvar på felt som gjeld miljø, menneskerettar og sosiale tilhøve. I ein global og kulturelt pluralistisk marknad vil konfliktar med utgangspunkt i slike spørsmål bli meir vanlege. Problemstillingar knytt til omdømme vil og bli behandla.
.
Kandidaten
- har grunnleggande innsikt i samanhengen mellom kommunikasjon i samfunnet og dei normative prinsipp og krav som ligg i ideen om ei demokratisk samfunnskontrakt
- har kunnskap om konklusjonane frå det omfattande maktutgreiingsprosjektet i Noreg
- har kunnskap om teoriar innan kommunikasjon og samfunn knytt til felt som retorikk, påverkningsteori, makt og deliberativ demokratisk teori
- har innsikt i problemstillingar knytt til organisasjonar og verksemder sin identitet og omdømme
Kandidaten
- kan sjå korleis teoriar om samfunnsansvar kan koplast til praktisk kommunikasjonsarbeid
- kan planlegge og gjennomføre ein munnleg presentasjon med utgangspunkt i pensum og legge fram denne for ei forsamling
- kan delta i faglege diskusjonar knytt til kunnskapsmåla for emnet
- kan bruke aktuelle eksempel til å belyse teoretiske poeng
.
Undervising i seminargruppe, organisert kollokviearbeid og munnleg presentasjon. Obligatorisk deltaking i framføring og opponering i pensumpresentasjonar.
Ein større eller to mindre pensumpresentasjonar og tilsvarande kommentarar av medstudentar. Innleveringsfristar og retningslinjer for utforming av og innhald i arbeidskrava vert gitt i arbeidsplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.