Semesters
INF211 PR og kommunikasjon 3: Samfunnskommunikasjon og CSR
For studentar på bachelor i journalistikk tv/radio og avis/nett gjeld følgjande krav til forkunnskap: SAJ101 etter individuell godkjenning.
Kurset tek sikte på å gi ei brei forståing og grunngjeving av omgrepet samfunnsansvar (Corporate Social Responsibility, CSR). Utgangspunktet er dei kommunikasjonsutfordringane statlege institusjonar og private verksemder møter når borgarar og kundegrupper stiller krav til samfunnsansvar på felt som gjeld miljø, menneskerettar og sosiale tilhøve. I ein global og kulturelt pluralistisk marknad vil konfliktar med utgangspunkt i slike spørsmål bli meir vanlege. Problemstillingar knytt til omdømme vil og bli behandla.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal ha
- grunnleggande innsikt i samanhengen mellom kommunikasjon i samfunnet og dei normative prinsipp og krav som ligg i ideen om ei demokratisk samfunnskontrakt
- kunnskap om konklusjonane frå det omfattande maktutgreiingsprosjektet i Noreg
- kunnskap om teoriar innan kommunikasjon og samfunn knytt til felt som retorikk, påverkningsteori, makt og deliberativ demokratisk teori
- innsikt i problemstillingar knytt til organisasjonar og verksemder sin identitet og omdømme
Kandidaten skal kunne
- sjå korleis teoriar om samfunnsansvar kan koplast til praktisk kommunikasjonsarbeid
- planlegge og gjennomføre ein munnleg presentasjon med utgangspunkt i pensum og legge fram denne for ei forsamling
- delta i faglege diskusjonar knytt til kunnskapsmåla for emnet
- bruke aktuelle eksempel til å belyse teoretiske poeng
Kandidaten skal
- ha oversikt over akademiske sider ved samfunnsansvar (CSR) og kunne nytte dette som grunnlaget i kommunikasjonsarbeid
Undervising i seminargruppe, organisert kollokviearbeid og munnleg presentasjon. Obligatorisk deltaking i framføring og opponering i pensumpresentasjonar.
Arbeidskrav: Ein pensumpresentasjon og ein opposisjon.
Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Journalism - bachelor
- PR, Communication and Media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |