Semesters

IPA202 Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling

Course code: 
IPA202
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
IPA111 Social studies
IPA112 Administration studies
IPA172 Theory and Methods in Social Science
Course content

Emnet Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling legg vekt på å gi deg innsikt i korleis lokalsamfunna våre vert endra og kva verktøy som kan nyttast for å påverke og styre utviklinga i ei berekraftig retning. Ein ser på kva rolle institusjonar, næringsliv og organisasjonar har for å skape gode samfunn å leve i. 

I arbeidet med lokalsamfunnsplanlegging møter ein stadig på nye utfordringar. Ei viktig årsak til det, er endringar i ytre vilkår som ein ikkje kan styre og ha kontroll over. Desse påverkar handlingsrom, og gjer at ein heile tida må vere på jakt etter betre og meir effektive måtar å løyse utfordringane i samfunnet på.

Arbeid med samfunnsplanlegging krev innsikt i prosessane som ligg til grunn for utvikinga av samfunnet. Det inneber også at ein må kunne meistre ulike strategiar og framgangsmåtar å drive planlegging på, som kan involvere ulike aktørar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Målet med emnet er å stimulere til heilskapstenking og ei djupare forståing av planlegging som verktøy for utvikling av samfunnet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal

  • ha forståing for dei kulturelle, sosiale, økonomiske og miljømessige endringsprosessane i samfunnet
  • vere i stand til å forstå og forklare sentrale modellar og omgrep i planleggingsteori
  • ha forståing for korleis samspelet mellom ulike faglege disiplinar og mellom offentleg, privat  og frivillig sektor fungerer i samband med planlegging
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • utarbeide eit plan- og evalueringssystem, og gjere greie for kva for teoriar og metodar som eignar seg i dei ulike delane av systemet
  • planlegge og gjennomføre prosessar i lag med andre og ha ei kritisk haldning til dei metodane og strategiane som vert nytta
  • legge fram resultat frå prosjektarbeid for eit publikum
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • reflektere fagleg rundt sentrale utfordringar i lokalsamfunnsutviklinga
  • gjere bruk av teoriar og verktøy i samfunnsplanlegging, og reflektere kring bruken av desse på ein kritisk måte
Working and learning activities

Undervisninga kan vere lagt opp med kombinasjonar av forelesingar, nettleksjonar, seminar og studentaktivitetar. Undervisninga er i stor grad dialogbasert og legg opp til at studentane deltek aktivt.

Undervisinga kombinerer førelesingar, gruppearbeid og individuelle arbeidsoppgåver/praktiske øvingar.  Emnet har også eit obligatorisk tverrfagleg arbeid, der studenten gjennomfører eit prosjektarbeid i lag med medstudentar. 

Det er lagt opp til studietur/dagstur til maritime klynge med omvisning og seminar.

Studentar får tilgang til eit elektronisk klasserom (i Canvas), der undervisningsopplegg, førelesingsnotat, oppgåver o.l. vert lagt ut. Studentane skal skrive ei individuell heimeoppgåve, og får tilbod om rettleiing. Heimeoppgåva er eit eksamensarbeid som vert vurdert og karaktersett.

Assessment requirements
  • Gjennomføre ei skriftleg prøve frå pensum på 1500 ord med godkjent resultat, eller ha minimum 80 prosent frammøte til den undervisninga som står på planen. Gjennomføring av pensumprøva er lagt til slutten av semesteret.
  • Godkjent tverrfagleg prosjektarbeid med felles prosjektpresentasjon. Det er obligatorisk frammøte til dei aktivitetane som står på planen til prosjektarbeidet, og evt fråvær må dokumenterast om ikkje anna er avtalt.  I tillegg må det påreknast deltaking i gruppearbeid ut over dei tidspunkta som er oppgitt i planen for prosjektarbeidet.
Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Grethe Mattland Olsen
Used in other programs
  • Planning and administration - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Det blir gitt ein førebels karakter på heimeoppgåva.
Heimeoppgåve på omlag 3000 ord, vedlegg ikkje medrekna, med tema og problemstilling godkjend av faglærar.
Adjusting oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Approval signature: 
Randi Bergem 24.02.2023