Semesters
IPA202 Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling
IPA111 Samfunnskunnskap, IPA112 Forvaltningskunnskap.
Godkjente arbeidskrav i IPA172. I tillegg skal studenten ha fullført 15 studiepoeng med valfrie emne.
Emnet Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling legg vekt på å gi deg innsikt i korleis lokalsamfunna våre vert endra og kva verktøy som kan nyttast for å påverke og styre utviklinga i ei berekraftig retning. Ein ser på kva rolle institusjonar, næringsliv og organisasjonar har for å skape gode samfunn å leve i.
I arbeidet med lokalsamfunnsplanlegging møter ein stadig på nye utfordringar. Ein viktig årsak til dette, er endringar i ytre vilkår som ein ikkje kan styre og ha kontroll over. Desse påverkar handlingsrom, og gjer at ein heile tida må vere på jakt etter betre og meir effektive måtar å løyse utfordringane i samfunnet på. Arbeid med samfunnsplanlegging krev innsikt i prosessane som ligg til grunn for utvikinga av samfunnet. Det inneber også at ein må kunne meistre ulike strategiar og framgangsmåtar å drive planlegging på, som kan involvere ulike aktørar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.
Målet med emnet er å stimulere til heilskapstenking og ei djupare forståing av samfunnsplanlegging og fysisk planlegging som verktøy for utvikling av samfunnet. Emnet vektlegg både instrumentelle og kommunikative strategiar for samfunnsutvikling, men skal også gi grunnlag for ei kritisk vurdering av kva strategiar som kan vere aktuelle for ulike utviklingsoppgåver.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha forståing for dei kulturelle, sosiale, økonomiske og geografiske endringsprosessane i samfunnet
- vere i stand til å forstå og forklare sentrale modellar og omgrep innan planleggingsteori
- ha forståing for korleis samspelet mellom ulike faglege disiplinar og mellom offentleg, privat og frivillig sektor fungerer i samband med planlegging
Studenten skal kunne
- utarbeide eit plan- og evalueringssystem og gjere greie for kva for teoriar og metodar som eignar seg i dei ulike delane av systemet
- planlegge og gjennomføre prosessar i lag med andre og ha ei kritisk haldning til dei metodane og strategiane som vert nytta
- legge fram resultat frå prosjektarbeid for eit publikum
Studenten skal kunne
- reflektere fagleg rundt sentrale utfordringar i lokalsamfunnsutviklinga
- gjere bruk av teoriar og verktøy i samfunnsplanlegging, og reflektere kring bruken av desse på ein kritisk måte
Undervisinga kombinerer førelesingar, gruppearbeid og individuelle arbeidsoppgåver/praktiske øvingar. Emnet har også eit obligatorisk tverrfagleg arbeid, der studenten gjennomfører eit prosjektarbeid i lag med medstudentar. I særskilde høve kan det gjerast avtale om alternativt opplegg.
Studentar får tilgang til eit elektronisk klasserom (i Canvas), der undervisningsopplegg, førelesingsnotat, oppgåver o.l. vert lagt ut. Studentane skal skrive ei individuell heimeoppgåve, og får tilbod om rettleiing. Heimeoppgåva er eit eksamensarbeid som vert vurdert og karaktersett.
Gjennomføre ei kort, skriftleg prøve frå pensum med godkjent resultat, eller ha minimum 80 % frammøte til den undervisninga som står på planen. Gjennomføring av pensumprøva er lagt til slutten av semesteret.
Godkjent tverrfagleg prosjektarbeid med felles prosjektpresentasjon.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Planning and administration - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Det blir gitt ein førebels karakter på heimeoppgåva. | Heimeoppgåve på omlag 3000 ord med tema og problemstilling godkjend av faglærar. | ||
Adjusting oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |