Semesters
IPA202 Samfunnsplanlegging og innovasjon
IPA111 og IPA 112 eller tilsvarande, og i tillegg til 60 studiepoeng frå Høgskulen i Volda eller annan institusjon.
Emnet Samfunnsplanlegging og innovasjon gir innsikt i ulike metodar, organisasjonsformer og samhandlingsformer som er eigna for å fremje bærekraftig utvikling i næringsliv og samfun, både i offentleg sektor og ikkje minst i skjeringspunktet mellom offentleg sektor og den private delen av næringslivet.
Både samfunnsplanlegging og arbeid med innovasjon krev evne til samspel. Norsk næringsliv gjennomgår kontinuerlege endringar i konkurransesituasjon, teknologi og marknader som gir verknad for bedrifter, men også for samfunna som bedriftene er lokaliserte i. Medan ein del av næringslivet kan være i sterk utvikling, kan andre næringar oppleve stagnasjon og tilbakegang. Evne til innovasjon er avgjerande for bedrifter og regionar si konkurransekraft. Den sterke internasjonaliseringa og globaliseringa av samfunn og næringsliv, gjer at innovasjon gjerne går føre seg i eit samspel mellom lokale og globale aktørar. Dette gjer samstundes at samfunnsplanlegginga blir stilt overfor nye utfordringar fordi ein i større grad må forhalde seg til ytre vilkår som ein ikkje kan styre og ha kontroll over, men som i aukande grad verkar inn på eige handlingsrom. Aktørane si evne til læring er sentralt for å kunne lukkast i ein slik kontekst. Arbeid med samfunnsplanlegging og innovasjon involverer mange aktørar, og samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå er viktig.
Målet med emnet er å stimulere til heilskapstenking og ei djupare forståing av samfunnsplanlegging som verktøy for utvikling av samfunnet. Emnet vektlegg kommunikative strategiar for samfunnsutvikling, men skal også gi grunnlag for ei kritisk vurdering av kva strategiar som kan vere aktuelle for ulike utviklingsoppgåver.
Planleggings- og utviklingsprosessar stiller store krav til leiing. Leiing er eit omfattande tema som vil bli gjennomgått på generell basis. Likevel vil vi i dette emnet konsentrere oss mest om dei strategiar som ein kan legge til grunn for å tilpasse organisasjonar i offentleg, privat og frivillig sektor til nye utfordringar på ein planlagt og målretta måte.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten forstår og kan forklare sentrale modellar og omgrep i planleggingsteorien.
Studenten har innsikt i sentrale element knytt til internasjonalisering og globalisering av næringslivet og dei utfordringar slike prosessar skaper knytt til innovasjon.
Studenten har kunnskap om endringsstrategiar som kan nyttast både i offentleg, privat og frivillige sektor.
Studenten kan utarbeide eit plan- og evalueringssystem og gjere greie for kva for teoriar og metodar som eignar seg i dei ulike delane av systemet.
Studenten kan vurdere ulike strategiar for samfunns og næringsutvikling og forstå kva som krevst for at organisasjonar og næringar skal vere konkurransedyktige.
Studenten kan utarbeide planar for endring i organisasjonar
Studenten kan reflektere fagleg rundt sentrale teoriar og verktøy i samfunnsplanlegging, innovasjon og utvikling og gjere bruk av desse på ein kritisk måte.
Emnet gir forståing for korleis samspelet mellom offentleg og privat sektor fungerer i samband med nærings- og samfunnsutvikling.
Emnet gir kunnskap om viktige utfordringer innafor leiing, spesielt i sammenheng med omstillingsprosessar.
Undervisinga kombinerer førelesingar, gruppearbeid og individuelle arbeidsoppgåver/praktiske øvingar. Studentar får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der undervisningsopplegg, førelesingsnotat, oppgåver o.l. vert lagt ut. Studentane skal skrive ei individuell heimeoppgåve der det blir gitt tilbod om rettleiing. Heimeoppgåva er eit eksamensarbeid som vert vurdert og karaktersett.
Gjennomføre ei kort, skriftleg prøve frå pensum med godkjent resultat, eller ha minimum 80% frammøte til den undervisninga som står på planen. Gjennomføring av pensumprøva er lagt til slutten av semesteret.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Det blir gitt ein førebels karakter på heimeoppgåva. | Heimeoppgåve på omlag 3000 ord med tema og problemstilling godkjend av faglærar. | ||
Adjusting oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |